onsdag 18. januar 2017

Inga har laga dette biletet på kunstskulen. Det var mange prosessar for å lage det.
Eg fekk biletet i julegåve jula 2016.
Det blei eg glad for!

tirsdag 17. januar 2017

Torskehaud i advent

                                         Hans er glad i torskehaud. Her får han to. Det blir
                                         noko attåt brødskivene seinare og. Torskehauda var bra,
                                         men kamsen i advent var ganske sterk! Eg et helst
                                         kinnfiskane.

søndag 15. januar 2017

Nyttårsafta




Juleselskap i Rekkevikløkka


Barnebarn og kjærestar på lunsjbesøk i Rekkevikløkka på juledag 2016.

    Johanne,  Jakob og Magnus, kjærasten til Sunniva
     Dag med mor og bror, Elin og Hans

    Dette biletet er ikkje frå julelunsjen, men frå lunsj for
    fem damer på kafe etter jul. Elin og tre døtre pluss Bjørg.
     Veldig koseleg!

Familiebrunsj i Rekkevikløkka første juledag.


Mat på kjøkkenet første juledag 2016
Gjester var Elin og Dag, Sunniva, Magnus, Johanne, Inga, Rigmor og Jens 


      Mykje godt å drikke alkoholfritt.

Julafta.


Julekvelden var vi hos Elinfamilien. Fint dekka bord med lysdekorasjon og lys.
Maten var svineribbe som var heilt perfekt med sprø svor. Mykje godt tilbehør.
Sunniva er superflink med mat. Alle hadde nok jobba! Dag er ribbespesialisten.
                               
     Utanom Hans og meg var Dag si mor og broren gjester.
     Eg fekk eit fint kunstverk av Inga som ho hadde laga på
    kunstskulen. Ei jente i snøen. Eg skal ta bilde av det.

   
     Inga delte ut pakkane. Det var mange. Frå Sola og Arendal og.
     Juletreet henta vi i skogen på juletrehentedagen.

I juletreskogen.


Også i år var vi i juletreskogen. Det er fjerde gongen. Vi får vere med Elinfamilien
i skogen til deira venner i lag med mange andre, mest familier med barn.
Her feller Johanne eit fint tre saman med framtidig grunneigar og veninne.
                               

         Der var bål og pølsespidding, kaffi og forskjellig meir.
         Julenissen kom og innom.
         Det var på fjerde sundag i advent.        

Lefser til jul


Det var visst Elin som ymta om at det hadde vore kjekt å prøve
å bake lefser. Og sidan eg har utstyret: takke, kjevler og fløy, var det
greit å prøve. Eg fann og mor si oppskrift i ei gammal kokebok.
Til å vere første forsøk, blei lefsene ganske bra.

Inga og Elin bakar.
Bjørg lagar emne.

tirsdag 30. august 2016

Garden Myra som vart Furuly


Bygdevandringa under slektstreffet hadde stopp på gamlevegen for å sjå og høyre om garden som oldefar Anders dyrka opp.
Anders kom heim i 1930 etter sju år i Amerika. Kanskje hadde han drøymt om å få seg ein farm i Amerika. Men då bror hans skreiv til han at han kunne få kjøpe Kvia som var oppdyrka, bestemte han seg for å reise heimatt. Han budde heime på Plassen første par åra, hjelpte foreldra, deltok nok i båtbyggjing. No vart det ikkje kjøp av Kvia. I staden fekk han kjøpe Myra, eit stykke utmark med furuskog på ei myr. Han budde i Kvia medan han bygde og dyrka i Myra. Det første huset han bygde var vedahuset. Det trong han til å ha materialen til husa i. Han hadde bygd veg opp frå sjøen og køyrde opp med hest. I 1935 bygde han stovehuset. Då hyrte han fleire karar frå bygda og nabobygder til arbeidsfolk. Det meste av materialen var frå eigen skog. Han fekk bureisingstilskot.
No tenkte han nok på at han skulle hatt seg kone.
På nabogarden som var Kvia budde broren Abraham og kona Sofia. Broren Lars hadde teke over farsgarden Plassen, og foreldra Susanne og Bertil hadde flytta ut i Kvia der dei delte huset med Sofia og Abraham. I 1936 vart Bjørnar fødd i Kvia. Då trong dei tenestjente der. Sofia fekk kusina si frå Redalen til Steinhovden for å hjelpe til både med babyen og med dei gamle besteforeldra. Det var Anna som kom.
Mor Anna var tenestjente mange plassar i ungdomen, Våren 1938 var ho i Heggedal ved Oslo hos ei anna kusine. Men kom tilbake til Steinhovden. Mor fortalde at hausten 1938 vov ho ein golvteppevev for Susanne ute i nyehuset til Anders. Dei trulova seg våren 1939 og gifta seg om hausten. Bryllaupet vart halde i Bergen hos Ovidia og John (slekt frå Redalen). Dei hadde med kjøt til middagen og rømme til rømmegrauten frå Steinhovden. Eit lite enkelt bryllaup då mor si syster Martha, låg sjuk av tuberkulose i heimen i Redalen og i nyehuset i Steinhovden var det lite inventar.
Anna gjekk mange gonger over fjellet mellom Redalen og Steinhovden i denne tida for å hjelpe til på begge stader.
Slik vi ser huset på garden som fekk namnet Furuly av far og mor, såg det ut i min barndom. Men hadde ikkje veranda. Frode har halde ved like og skifta vindauge. Eg hugsar og at vedahuset stod til venstre for våningshuset i førstninga. Det vart flytta lenger bak.
Og mor hadde kvar vår slyngplanter som vaks opp etter kjellarmuren og dekte den.

torsdag 18. august 2016

Slektstreff i Steinhovden. Sjøavegen. Start nederst i innlegga.

Vi gjekk ned den nye sjøavegn nedover og den gamle som far bygde oppatt.
Bratt er både den nye og den gamle.
Far kom heim frå Amerika i 1929 om hausten etter 7 år i amerika.  Han fekk kjøpe eit utmarkstykke med ei myr med furuskog på av bror sin, Abraham. Der dyrka han opp ein gard på 30-talet. 
Sjøavegen trong han. Det var tilkomsten frå utomverda. Han tok material og sement i land og køyrde det opp med hest.




 Bror Arne hadde rydda i moraset så vi kunne sjå vegen som far hadde murt opp i bratta. det var tungt for hesten. Han måtte kvile mange gonger på veg opp.
Her nede ved sjøen stod naustet, Det har stått der til for nokre få år sidan. Her var verhardt og far bygde fleire bryggjer som stormen tok. Til slutt har stormane rydda heilt opp. Det er ingen ting att av naustet.
Vi gjekk opp den gamle sjøavegen.

Kvia

Eit lite stykke vidare frå hytta til Arne der Janne og Rune bur førebels, kjem vi til Kvia.
Her budde Besta og tante Sara i min barndom.
Dei delte huset med onkel Abraham, tante Sofie og fetterane Bjørnar, Jarl og Vidar.
Besta Susanne og bestefar Bertil flytta ut i Kvia då onkel Lars tok over garden Plassen. Bertil døydde før eg vart fødd, men bestemor og tante hadde eg mykje i lag med i min barndom.
Flokken stoppa og fekk forteljing på tunet i Kvia.




Huset i Kvia er no feriebustad for Bjørnar og Oddrunn som bur i Oslo.
Mathias, son til Frode, Maria, dotter til Kjell Arne, bur på Dombås, Marthea, dotter til Frode og Eline frå Dombås.
Turen gjekk vidare frå Kvia på den gamle bygdevegen. Det var skulevegen min.

Alle barnebarna mine unntatt Sunniva. Istaden er Anna frå Dombås med ( i lys genser).

Olahuset og skulen

Like ved sida av Plassen er Ola sin gard. Ein annan av far sine brør. Han og kona Olga dreiv den vesle garden. Ved sida av gardsdrifta var onkel Ola båtbyggjar. Han hadde eit stor naust og bygde
store motorbåtar med hus på.
Ola hadde som fleire av brørne lært båtbyggjarkunsten av far sin, Bertil. 

 På oppsida av vegen ligg skulen. No er der ein stor og moderne skule som bygda kjempar for å behalde. Skulehuset frå mi tid vart flytta på ein ny grunnmur tidleg på 50-talet. Der skulle vere gymsal. No bur bror Arne og Gunn i denne skulen. Dei har gjort han om til bustad. Gunn i raudt og Bjørg i kvitt fortel.

 Like ved bur dotter til Arne: Janne og Rune, Kristoffer og Nora medan dei ventar på å bygge seg hus. Dei bur i bror Arne si hytte.
Bygdevandringa hadde stopp også med Janne. Her kjem Astrid frå Sola, Anna frå Dombås og Eili frå Arendal.