onsdag 6. september 2017

Syskenbarntreff i Redalen

Laurdag 26.august 2017 vart det halde syskenbarntreff i heimen der mor vår, Anna, kom frå.
Der bur no tante Inga, 88 år.
Barn og svigerbarn til tante Inga var komne til treffet, og alle syskena frå Steinhovden kom laurdag.

Alle i hagen utafor huset.
Frå venstre: John Bolstad og Solrunn, Brit Kari og Jakob Bjørke, Ottar og Kirsten Steinhovden, Berit og Oddvar Nordvik, Bjørg og Hans Kragset,Tore Movinkel, Mette og Lars Nordvik, Arne og Gunn Steinhovden.
Framme: Magdalena Steinhovden, tante Inga Nordvik og Martha Movinkel.

Redalsyskena med ektefellar.
Jakob, Berit, Oddvar, Tore, Lars og Mette,
Brit Kari ,Tante Inga og Martha.

Steinhovdesyskena og tante Inga.
Arne, Solrunn, Ottar,
Magdalena, Inga og Bjørg.

Martha og Mette hadde steikt ein haug med tunnekaker/ mjølkekaker.
Mange kom med kaker eller frukt.
Middagen var hjortegryte med ris og salat, levert ferdig frå Håjen.
Kaffi og mange gode kaker.

Martha ønskte velkommen og fortalde om programmet.


Kirsten og Arne fremst.
Bak: Brit Kari, Gunn, Solrunn, Hans og Tore.

Lars og Samuel, son til Oddvar.
Samuel var god å ha til å ordne med det tekniske.

Kirsten, Ottar og Solrunn.  


Etter velkomsten med kaffi og tunnekaker, gjekk alle tur inn til vatnet.
Det var der besta Birthe og bestefar Ole hadde budd på ein liten plass, kalla Under Håjen.
Vi gjekk då over markene til nabogarden Vollen.

Vi stoppa på tunet.
Bestemor Birthe kom frå denne garden. Her budde mange slektningar.

På tunet møtte vi Audun Håland som er bonden på Vollen. Han fortalde om garden og slekta.
Audun er tremenningen vår.

Marka der besta og bestefar hadde dyrka gras til ei ku og nokre sauer var heilt tilgrodd med høymole.
Litt trist å sjå, for sist eg var der i lag med mor mi,  i 2004, var marka grøn og fin.
Kanskje eit gammalt epletre?

Vi stilte opp til fotografering omlag der den vesle stova deira hadde stått.
Mor Anna og syskena Martha og Alf vaks opp her.
Etter at dei var vaksne bygde Alf nytt hus på Hamre.
Der bur Inga no, og der hadde vi treff.

Heimen til Ole og Birthe var ein plass under Nordvik gard, der Ole kom frå.

På dette berget leika mor Anna og syskena. Det har mor fortalt.
I bakgrunnen ser vi fjellet der Redalsstølane låg oppe på kanten med utsyn over Redalen.
Det går ein bratt sti opp, og stien er sett i stand. Stølshusa skal vere bra i stand og blir brukt litt som hytte.
Det skulle vore gildt å komme ein tur dit opp.

Det var god tid til prat. Og vi song saman. Det har vore mykje song i denne heimen. Onkel Alf spelte trekkspel og fiolin. Bestemor Birthe var flink med gitaren og hadde ei god songstemme. Ho song og på møte i skulehuset .
Vi song i lag ein av bestemor sine songar. Magdalena spelte gitar til.
Hvor fossen gjennem uren i lystig springdans går,
Tett under klippemuren en enslig lyngblomst står.
Så blyg den oppad speider
og øyner ingen venn.
Til disse øde høyder
slett ingen drager hen
                                           7 vers.



Steinhovdensyskena sin song til framføring var Jeg er i Herrens hender....
Tekst på TV-skjermen.

Hans og eg budde hos Magdalena på Helle, gjennom tunnelen og litt vestover.
Magdalena har eit kjekt hus med mange soverom.
God frukost på kjøkkenet.

Takk for god mottaking og kjekt treff!


Ingen kommentarer: