torsdag 28. juni 2012

På sommarferie med Maribell


Ein blank junimorgen starta Elinfamilien på den store sommarturen som dei har planlagt lenge.
Det har vore travelt i det siste med klargjering.
Mykje som skal vere i orden og mykje som skal vere med.
Turen går over til Sverige i dag, så sørover langs svenskekysten og nordover på austsida heilt opp til Nyneshamn som er litt sør for Stockholm. Heimturen går gjennom Gøtakanalen. Dei skal vere med på
regattaer, ha besøk av vennefamilier og vi håper dei vil kose seg og feriere. Det trengst etter ei travel periode.
Då vi møtte opp i dag tidleg for å seie "god tur", var Inga i gong med oppvasken etter frukosten.


Sunniva spelte litt musikk i salongen.
Framover frå salongen er det to soverom. Dobbelkøye i det fremste og to køyer over kvarandre i det midterste. Bad og toalett på andre sida i midtlugaren.
Det er også ei stikkøye bak styrebordet. Til kapteinen kanskje.
                                                   Johanne var oppteken med å vaske lettbåten.




Dette er siste bildet.
Eg fekk ikkje til å flytte det.






Så var alt klar til å kaste loss.
Litt trongt å komme ut av hamna,
men Dag bukserte båten flott ut.
Og der for dei !
God tur!

søndag 24. juni 2012

Jonsokafta i Larvik

Rømmegraut klokka 13 til Elinfamilien og Karifamilien.  Så tok vi ein tur til Stavern. Der var mykje folk i gatene og på kafeane. Det hadde vore opptog og flyoppvisning og vi såg utkledde historiske personar.

                                                        På bryggekanten i Stavern.

Etterpå besøkte vi Dag i båten ved Skottebrygga og folkefesten på Tollerodden like attmed.
Båtpussen går for fullt. Maribell skal vere klar for tur på komande torsdag.
Inga og Mathias deltok i leikane på Tollerodden.


                           Båtbyggjaren Colin Archer sin statue er eit midtpunkt på Tollerodden.

             Jonsokkvelden vart avslutta på ein pizzarestaurant i Larvik sentrum. Vi fekk ikkje med oss
             bålbrenninga på Tollerodden.  Men vi såg mange småbåtar, pynta med flagg og  bjørkelauv.                             

torsdag 21. juni 2012

Arbeid i hagen

 Hans har laga kassar til kjøkkenhagen. Den største er til kompost. Vi har planta ein rabarbra i den eine.
I den andre har eg sett 9 poteter. Hans ønskjer seg sukkererter. Kanskje litt salat og. Det var jo meininga ikkje å ha hagearbeid her, men det heng i.

                                                                 Graset kjem fint no.
Vi har teke oss av to av denne sorten. Det er visst mykje slike her omkring, seier andre som har hage.
Det er mange råder for å kvitte seg med dei. Ha dei i ei bøtte med salt eller i kokande vatn.
Førebels har vi funne berre to.


søndag 17. juni 2012

Bursdag i Arendal


I dag har vi vore i Arendal på bursdagsbesøk. Asle fyller 48 år i morgon. Heile familien var til stades til middag og kaffi. Til middag fekk vi ein indisk rett som smakte veldig godt, og til kaffi var det marengskake og mykje gode bær. Kjekt å treffe alle, også kjærestane.





torsdag 14. juni 2012

Sommaravslutning i Rekkevikbukta for trinn tre

I går var det sommaravslutning for Inga sitt trinn (tredje klassane) i Rekkevikbukta rett nedafor der vi bur.
Vi besteforeldre fekk og vere med. Hans ventar på maten medan grillinga pågår.
Inga og veninna Mina har funne krabbar. 


Det var kald vind, 14 - 15 grader på land. Men når ein har tenkt å bade, så må ein bade.
Til slutt song elevane fleire vårsongar til foreldra og besteforeldra. Og klassekontakten overrekte blomster til lærarane og takka  foreldra. Og ynskte god sommar. Som det er vanleg.


onsdag 6. juni 2012

Sommaravslutning Eingong Alltid

 I går kveld var 16 speidardamer på tur opp Lågendalen, Vindfjell. Vi hadde fått låne Mille Marie sin "gapahuk". Inne i den er to store grillar, langbord og benker. Vi hadde med ved og fyrte opp for grillmaten.

                                                   Damene grillar. Og prater.

 Kaffien tok vi ute. Det var litt regn med det same vi kom, men det gav seg og vart fint.
Ei av damene fyller 80 år i desse dagar. Og det vart markert med bløtekake. Endå ei hadde bursdag i går.

                                     Speidarsongbøkene var med. Det vart ei fin økt med song.
         Dei diskuterer om det skal bli tur til Our Chalet i Sveits neste år. Då er det 20-årsjubileum.


søndag 3. juni 2012

Problem med bileta

Hans fortel meg at det er noko tull med bileta. Eg ser det ikkje på mi maskin. Men når eg legg inn bilete, hender det at ikkje alle kjem inn. Men det gjer dei visst. Og eg ser det ikkje. Når eg då legg inn på nytt dei som ikkje viser seg, blir det dobbelt. No skal eg sjekke betre med det same. På to maskiner.

Laurdagstaco

                       Inga og eg måtte vente lenge før arbeidsfolket var ferdige og kom inn for kvelden.

Steinlegging med god hjelp

 Laurdag kom det stein på gardsplassen. Asle og Eili kom frå Arendal og Sunniva, Johanne og Inga som bur her, var på plass. Dei jobba heile dagen. Eg kunne konsentrere meg om matserveringa. Midt på dagen hadde vi graut og om kvelden taco til alle. Elin og Dag jobba i båten, men Elin kom til tacoen. Dag besøkte sine foreldre.

                                                         Eili og Johanne køyrer stein.
                                   Alle i arbeid. Johanne beiser kompostkassa som Hans har snikra.
                                   Hans administrerer.

                                                    Sunniva lastar på stein til dei som køyrer.

                                   Plassen blei stor og fin. "Markusplassen 2" var ein kommentar.
                                Det står att litt puslearbeid langs kantane der ein må dele steinar.
                                              Vi tek mot tips til bruk og  møblering av plassen.

fredag 1. juni 2012

I Nevlunghavn andre pinsedag

 Andre pinsedag køyrde vi ein tur til Nevlunghavn og gjekk og såg oss rundt der, Veret var litt kaldt, men varmt nok i sola. Der var eit stort arbeid i gong med ny småbåthamn. På land låg mange teiner og kassar til å ha krabbar og hummar i levande i sjøen. Tydeleg har det vore mykje krabbefiske her.

Slik kan nøter og tauverk brukast, som dekorasjon. Det var ikkje plass til alt på veggen.

                                                  Eit flott kastanjetre nær sjøen.

                                                  Rasteplassar mange stader der vi gjekk.



                                                  Tiriltunga på muren var veldig kraftig..

                                                       Blomstrande furu opg ein flott syrin.
                                                            Det var ein fin sommarby.