søndag 3. juni 2012

Steinlegging med god hjelp

 Laurdag kom det stein på gardsplassen. Asle og Eili kom frå Arendal og Sunniva, Johanne og Inga som bur her, var på plass. Dei jobba heile dagen. Eg kunne konsentrere meg om matserveringa. Midt på dagen hadde vi graut og om kvelden taco til alle. Elin og Dag jobba i båten, men Elin kom til tacoen. Dag besøkte sine foreldre.

                                                         Eili og Johanne køyrer stein.
                                   Alle i arbeid. Johanne beiser kompostkassa som Hans har snikra.
                                   Hans administrerer.

                                                    Sunniva lastar på stein til dei som køyrer.

                                   Plassen blei stor og fin. "Markusplassen 2" var ein kommentar.
                                Det står att litt puslearbeid langs kantane der ein må dele steinar.
                                              Vi tek mot tips til bruk og  møblering av plassen.

3 kommentarer:

Besta sa...

Dette blir berre betre og betre. Og jammen har de flinke barn og barnebarn som hjelper til. Det er vel litt kjekkare å lage til uteplass der nede enn her som vi knapt kjem oss ut for ei dør i kulden og regnet.

Bjørg sa...

Ja, no håper vi på ein fin sommar.

Gunn Edel sa...

Dette vart skikkeleg flott. Gratulerer ! !