torsdag 23. februar 2012

Bakekurs

Det er vinterferie. Storesøstrene har reist på besøk til kusine Oda i Trondheim.
Då har vi bakedag her hos oss for Inga og veninna Jenny.
Resultatet blei flott! Kaker med vaniljekrem inni.
Veldig gode!

mandag 13. februar 2012

Morsdag og tenkjedag


Vi har hatt fint kaldt ver i vekevis. Det er nesten kjedeleg!
I går, sundag og morsdag var eg på skitur i lag med Inga, Sunniva, veninne Rikke og Elin. Hans hadde først vore til flyplassen med to greske jenter pluss Sunniva og Rikke som var med for å seie adjø til gjestane sine. Hans gjekk til fots i lag med Dag og foreldra hans. Min tur var ca. fem km, i lengste laget. Men eg kom bra frå det. Løypa gjekk gjennom skog med store gran- og furutre med snø på. Sola kom av og til ned mellom trea. I dei brattaste bakkane tok eg skia av. Ville ikkje risikere noko. Kneet greidde det bra.

I dag var eg på speidarmøte med oppdagarane. Det var tenkjedagsfeiring. Eg hadde med flagga mine. Vi hadde eit fint møte med mykje kjekt program.

torsdag 9. februar 2012

Gresk besøk

I dag har det vore strålande fint ver her. Minus 8 gr.
Hans og eg var ute og gjekk ein liten tur.
Sunniva har besøk av ei jente frå Hellas denne veka. Ungdomsskulen hennar har besøk av 28 elevar og 11 lærarar frå Italia, England, Danmark, Polen og Hellas.
Det er eit EU-prosjekt for ungdomar til å møtast.
Sunniva var sjølv i Hellas i fjor. Dei har mykje program.
I går var ein del av dei i akebakken. Etterpå kom tre av dei til oss . Dei trengde oppvarming.
Elin og eg hadde laga kjøtkakemiddag her.
Den greske jenta snakka godt engelsk og var pratande. Ho var 15 år.
Her skriv ho namna våre med greske bokstavar. Endå til mitt namn greidde ho.
Vi har berre nynorsk og bokmål. Dei lærer to svært ulike alfabet tidleg .
Ho fortalde om kor vanskeleg dei har det no i heimlandet.


lørdag 4. februar 2012

Laurdag i Larvik


I dag var det 17 minus om morgonen då vi stod opp. Det varmast litt då sola kom.
Litt før klokka ni er Hans klar for første ekspedisjon. Joh. må køyrast til Tjøllinghallen. Der skal Inga spele fotballkamp klokka ni. Elin har køyrt henne dit. Uheldigvis har ho teke Joh, sin shorts. Full fart for å bytte. Det gjekk akkurat på minuttet.
Så til Framhallen der Joh. skal spele handball. Syn. skal på jobb på Spenst. Ho skal hentast kvart over 12. Og Johanne skal hentast etter kampen. Til Nordbyen for å handle. Syn. treng bukse. Eg lagar graut til middag til alle. Vi prøver å hjelpe Elin som skal få litt fred til å skrive. Ganske kjekt og meiningsfullt!