søndag 27. september 2009

På strandpromenaden i Larvik

Her ligg Maribell på ein fin plass ved Skottebrygga nær Tollerodden.
Ho er her til pynt for byen, trur eg.
Men og veldig praktisk for Dag når han arbeider med innreiinga.
Han har straum og kan køyre bilen ned på brygga.

Vi er på besøk på Skottebrygga og ser kor Dag arbeider.
Inga viser oss Maribell innvendig.
Her er mykje godt arbeid.

Her er fint å spasere.
Maribell i bakgrunnen.
To sandvolleybaner, leikeplass, fine blomsterbed
badeplass og grillutstyr.
Posted by Picasa


Det nye kulturhuset som heiter Bølgen etter forma på taket,
er no straks ferdig.
Det skal innviast 10. oktober.
Kinoen startar opp om ei veke og mange tusen billettar er selt.
Vi såg og på dei flotte bustadane på Fritzøe Brygge.
Posted by Picasa

torsdag 24. september 2009

Haustgryte med sei.

I dag har vi prøvd ut enda ein ny fiskerett her i Larvik.
Vi brukar fisk frå sommarfisket på Leikong.
Elin fann fram ei oppskrift i Den smårutete kokeboken.
Og resultatet fall i smak med store og små.

onsdag 23. september 2009

Fisk i folie

Eg lærte ein ny fiskerett av Anne i Arendal.
Fiskefiletane frå Leikong vart tillaga i folie i lag med
poteter og grønsaker.
Det vart både sunt og godt.


Litt olje på folien,
så ein porsjon fiskestykke,
krydder og salt,
poteter i bitar,
gulrøter, purre, blomkål, sqash, paprika, broccoli.
Steikjast i omnen på 200 gr. i 40 min.

Brennvarme pakkar. Må opnast forsiktig.
God middag!

Posted by Picasa

søndag 20. september 2009

Heksemonumentet i Anda

Vi stoppa på Anda for å drikke kaffi og såg etter
ein passande plass for det.
Då såg vi dette skiltet.
Vi gjekk stien bortover langs stranda.
Der fann vi monumentet.
Det er fælt å tenkje på at slike ting har hendt her i våre bygder.


Monumentet viser i skogen i bakgrunnen
Litt kjøleg, men gjekk godt an å ete nistematen ute.
Vi var på veg til Arendal.

Posted by Picasa

mandag 14. september 2009

På tur i Volda

I dag har vi hatt ein nydeleg haustdag med sommarver.
Jorunn og eg har gått tur på skogsstien oppe i Kleppåsen.
Dei har laga til ein flott rasteplass der i ei fin, nybygd grindløe.
Der er det storslått utsyn over Volda sentrum og Voldsfjorden.
Vi beundra dei mange rognetrea som bugna av bær.
Posted by Picasa

søndag 13. september 2009

Den nye guten i Måløy


Besøk i Måløy for å sjå den nye guten, Ask, 3 veker.
Turid serverte god middag til alle.




Gammeltanta får lov til å halde.
Dei er ikkje reiva i løyert no, nei.
Brun bukse og genser med motiv.


Posted by Picasa

Den berømte telefonkiosken på Bjørke.
Her kan ein ringe og betale med kontantar eller kort.




Tussafossen var imponerande i dag.
Vi får straumen vår frå denne.
Her går mykje energi tapt, men det er fordi det renn over.
Flott å sjå på!

På Bjørke har dei nokre flotte gamle naust. Ein gamal seglbåt låg ved voren.
Posted by Picasa

torsdag 10. september 2009

Potethaust

Eg tok opp potetene mine i dag. Det vart bra mykje
og fine poteter, ei bøtte av dei raude og ei bøtte mandelpoteter.
Eg fann den største mandelpoteta eg har sett.


Posted by Picasa

onsdag 9. september 2009

Vinterveden
















I dag har vi hatt dagstur til hytta. Vi har henta
hagerusk som skal til Miljøstasjonen og resten av vinterveden.
Hans koplar vogna på Mitsubitshien. Med firhjulstrekk går det
flott opp bakken.
Det var storm og sterke regnbyer, men små solgløtt innimellom.
Ved bryggja vår har naboen fått løyve til å legge båten sin. Det går visst bra
trass i sterk storm sist natt.
Posted by Picasa

torsdag 3. september 2009

Ulven er på land
















No er fiskesesongen slutt for denne sommaren. Litt synd så fint ver som det var i dag. Men båten er komen vel inn i naustet. Hans jobbar med høgtrykkspylaren. Ho som ikkje jobbar, kviler seg etter luking ved hytta. Har spreidd kalk på einestapebakken. Så får vi sjå om det virkar.