tirsdag 31. august 2010

Sommaren er over.

Ulven er på veg inn i naustet.
Frysaren er full av fisk.

Og naboen har fått flytebrygge igjen.
Ein stor båt med kran sette på sjøen ei fin flytebrygge.

søndag 29. august 2010

Besøk på Løfsøyna

I helga har vi besøkt Kirsti og Magne på Løfsøya.
Det er alltid kjekt å komme der.
På biletet ser vi Guttormgarden til høgre, og huset til
Kirsti og Magne til venstre oppe bak trea.

I det nydelege veret gjekk vi ein tur. Så kom Kirsti med bilen,
og då vart det lenger tur. Her er vi i Hellevika og ser ut mot havet.

Til middag var det hjortekjøt i god saus og mykje godt til.
God mat og triveleg selskap også med familien frå Guttormgarden.

Tusen takk for god mat og triveleg samver!
Og mykje takk til Kristian for datahjelp!

Andreas spelar på munnspel for okseflokken.
Dei likar det!

Gratulerer frå Regndråpen


Nokon ringde på og utafor døra stod, Torbjørg, leiaren i misjonsforeininga
med ein nydeleg blomst.
Gratulerer med overstått 70-årsdag frå alle i foreininga!
Tusen takk!

fredag 27. august 2010

Besøk av Susanne

I dag har vi hatt koseleg besøk av niese Susanne. Ho har begynt å studere i Volda, sosionom.
Ho var her og åt middag med oss, og vi fekk høyre korleis studentlivet tek til.
Dessverre gløymde vi å ta bilete. Så det får vere til neste gong.
Vi har og besøkt henne på hybelen i Volda. Grei hybel og sentralt.
Vi gler oss til å ha kontakt i komande tre år.Vis blogg

søndag 15. august 2010

Omvisning i Trondheim

Universitetsområdet på Gløshaugen er stort.
Oda viste oss rundt.
Den store bygningen frå starten av 1900-talet er imponerande.
Og har fint parkområde omkring seg.

Skilt på veggen på den store steinbygningen.Frå plenen utafor ser vi ned til Nidarosdomen.

Her sit Oda og eg og ser på eit brudefølgje som kom ut
frå Nidarosdomen.

lørdag 14. august 2010

Hos Oda i Trondheim

Oda har flytta på hybel i Trondheim for å studere.
Vi var der med eit skap på tilhengaren.
Her har Oda laga vokmiddag.


Vi var å besøk med kusine Martha og mannenTore.
Dei bur ikkje langt frå Oda.
Dei har ein flott veranda og der hadde vi kaffi med familien.
Den eldste sonen hadde nettopp reist i militæret.

Det var ein storjobb å få det reint på kjøkkenet.

Særleg rundt komfyren var det mykje jobb!

Etter velgjort arbeid og reint på kjøkkenet smakte det godt
med pizza som vi åt i stova.

onsdag 11. august 2010

Ei spennande bursdagsgåve.

Eg fekk mange bøker til bursdagen min. Og det er kjekt.
Ei av bøkene er spesiell. Det er ei e-bok, og det var gåve frå barn og barnebarn.
Eg kan laste inn 1500-2000 bøker til ho. Det går fort og, berre fem sekund etter eg har trykt på "bay", så er boka lasta inn. Det er fantastiske saker.No har eg kjøpt tre bøker. Dei kostar 70 kr for kvar. Alle bøkene er på engelsk, så no håper eg å betre engelsken min. Eg kan kjøpe bøker overalt der det er dekning. Også ved hjelp av mobilen. Det øverste biletet viser boka i kvilemodus. Då er der bilete av ulike forfattarar eller naturbilete. Eg kan velje kor stor skrifta skal vere. Og der er ordbok lett tilgjengeleg.
Den første boka eg les heiter "The help" av Kathryn Stocklett.
Så har eg kjøpt "The Island" av Victoria Hislop. Den har eg lese på norsk, og då trur eg eg vil lettare kunne lese ho på engelsk.
Den tredje er Lonely Planet Russia.

torsdag 5. august 2010

Grilling på hytta.

Laurdagen vart det brukande ver, og grillinga nede ved sjøen gjekk etter planen.
Dei fleste av gjestane kom, ca. 40.
Asle og Magne var flinke ved grillen.
Onkel Pål og tante Wenche var komen med seglbåten.
Borna kosa seg med båtane.

Det gjekk bra å sitte ute.

Nokre sat inne i naustet ved langbord.
Andre fann seg bord der det passa.


Oda fiksar litt meir salat.

onsdag 4. august 2010

Glimt frå feiringa i Kjeldsund.

Syster Magdalena, syskenbarn og fadder Solveig, svigerinne Kirsti og tante Inga.

Barnebarna underheld med sjølvdikta song.

Jakob underheld med morosame gåter.

Jonas med morosame vitsar.

Modellane som hadde mannekengoppvisning med
jubilanten sine klede.
Jubilanten takkar alle som gjorde at festen vart så triveleg!

tirsdag 3. august 2010

Førebuing til 70-årsfest

Blomsterdekorasjonane til 70-årsfesten vart laga
nede ved sjøen dagen før festen.

Dyktige dekoratørar laga mange oppsatsar til å ha på
borda i Kjeldsund.
Det bles godt denne dagen, men nede ved sjøen var det bra stilt.

Jentene skreiv og på bordkorta.
Kjekt med god hjelp.