søndag 29. september 2013

Besøk frå Froland

 I helga har vi hatt kjekt besøk av
Astrid og Geir som no bur i Froland.
Dei har flytta dit frå Klepp på Jæren.
Som vi for å komme nærare barnebarna.
Vi måtte sjekke familiealbumen med
steinhovdenslekta.






Frukost i Rekkevikløkka

Vi gjekk tur  ned til Rekkevikbukta.
Der var det mykje aktivitet. Start for eit
stort orienteringsløp.

Rekkevikbukta badestrand

Vi måtte gå ein liten tur i det flotte turområdet vårt, Bøkeskogen.

onsdag 25. september 2013

Tur til Halden


Sist måndag tok vi oss ein tur til Halden. Veret var fint, og vi fekk med oss Rigmor og Jens, Elin sine svigerforeldre. Dei flytta frå Halden og til Larvik for tre år sidan. Hadde budd der heile sitt liv, så dei var gode gaidar.
Her viser dei oss huset dei budde i då gutane var små, fram til 80-talet.
Seinare budde dei mange år inne i skogen, to mil frå Halden by.
Dette huset har Jens bygd, fortalde han.

I ein nabohage gjekk to rådyr så fint og beita.

I
 Fine haustfargar i skogen.

I dette huset inne i skogen budde Rigmor då ho var ung. No bur ein slektning der.
Vi måtte stoppe ved Idd kyrkje. Der hadde Rigmor vore med i menighetsrådet og hadde jobba mykje for kyrkja. Mange slektningar var gravlagde der.
Idd kyrkje er ei av dei eldste i Noreg, frå 1100-talet.

På leiting etter steinbrot med Iddefjordgranitt.
Nede ved Iddefjorden fann vi steinrøysar
som var restar etter steinbrota der.
I nærleiken der var Monolitten i Frognerparken henta ut.
Under krigen sende tyskarane iddefjordgranitt til Tyskland. Det har vore sendt ut til andre land og.


Frå ein knaus med utsikt såg vi over Iddefjorden.
På andre sida er Sverige.
Jens fortalde at dei rodde over i "eiker". Det var to butikkar på andre sida.
Om vinteren gjekk dei over på isen.
På ei tavle kunne vi lese om flyktningane under krigen. Mange rømde over her. Ikkje alltid gjekk det bra.


Langt inne i skogen kom vi til svenskegrensa.
Nær grensa på norsk side står ein høg bauta med mykje skrift på. Det var til minne om krigen i 1808 og at den norske hæren sigra i slaget her.  Slaget ved Berby.
Eg slo opp på nettet og las om den krigen. Der stod det at Bergenhus Amt hadde soldatar med der. Fleire menn frå Sunnfjord var med.
Eg kom på at eg har ei gammal lommelerke av glas som eg fekk av mi mormor. Og historia var at den fekk min tippoldefar laga før han for i krigen mot svenskane  i 1808.
Det var kanskje der?

søndag 8. september 2013

Sundagstur på Kyststien

Dag tok med seg foreldra sine, svigerforeldra, Elin og Inga på tur på Kyststien
som gÅr mellom Stavern og Helgeroa, forbi Nevlunghamn. Fint ver og 20 gr. varmt.

Vi tok inn på stien ein plass mellom Stavern og
Nevlunghamn, og turen vår tok eit par timar.





Mykje rognebær i år!
Og ein ivrig naturfotograf.
Fint å gå over svaberga.
 Kaffirast ein stad på vegen.
Vi nærmar oss Nevlunghamn som vi ser i
bakgrunnen.
Dag sprang tilbake etter bilen og kom og møtte oss lenge før vi kom fram til Nevlunghamn.
Det kan vere Lintorskemunn som blomstrar endå.
Elin og Inga i sivet langs stranda før vi
kom fram til Nevlunghamn.

Då var det fint å sette oss til bords på
Gjestgjevarstova og få oss god mat.
Det var fiskesuppe til dei fleste. Fish and chips til to av oss. (Meg og Inga)

Vegen ved sida av restauranten heiter
Karibakken. Der var det flotte blomsterkassar.
s