søndag 8. september 2013

Sundagstur på Kyststien

Dag tok med seg foreldra sine, svigerforeldra, Elin og Inga på tur på Kyststien
som gÅr mellom Stavern og Helgeroa, forbi Nevlunghamn. Fint ver og 20 gr. varmt.

Vi tok inn på stien ein plass mellom Stavern og
Nevlunghamn, og turen vår tok eit par timar.





Mykje rognebær i år!
Og ein ivrig naturfotograf.
Fint å gå over svaberga.
 Kaffirast ein stad på vegen.
Vi nærmar oss Nevlunghamn som vi ser i
bakgrunnen.
Dag sprang tilbake etter bilen og kom og møtte oss lenge før vi kom fram til Nevlunghamn.
Det kan vere Lintorskemunn som blomstrar endå.
Elin og Inga i sivet langs stranda før vi
kom fram til Nevlunghamn.

Då var det fint å sette oss til bords på
Gjestgjevarstova og få oss god mat.
Det var fiskesuppe til dei fleste. Fish and chips til to av oss. (Meg og Inga)

Vegen ved sida av restauranten heiter
Karibakken. Der var det flotte blomsterkassar.
s

1 kommentar:

Annfrid sa...

Hei,ser at det er mykje rognebær på trea der dykk går tur.Det er mykje rognebær på trea i Ulsteinvik og.Då vonar vi på lite snø til vinteren.