lørdag 12. september 2015

Tur til Oslo


Fredag 11. september
var Hans og eg på tur til Oslo saman med Pensjonistuniversitetet. Vi var ei gruppe på 25 og hadde buss frå Larvik.

Det var matfestival med mange telt og mykje å smake på utover heile Råfhusplassen.
Fint ver var det og.

Vi fann oss også eit bord å ete attmed endå det myldra med folk.


Det vart for mykje mat på tallerkenen. For vi hadde fått så mange smaksprøver.


Fint å gå tur utover Tjuvholmen.

Vi besøkte og 22.juli- utstillinga .
Den er fin og viktig. Så vi ikkje gløymer.

Her skal mykje endrast og byggjast nytt.
Picasso - Nesjar biletet skal visstnok fjernast.
Håper dei ikkje øydelegg det. Det er fint.

Om kvelden var vi i Operaen. Det var og ei stor oppleving. Både å sjå bygget, gå på taket, få omvisning innvendig og så operaforestilling.
Det var stykket Don Giovanni. Og det var flott!

søndag 6. september 2015

Kom-deg-ut-dagen

I dag har vi vore på tur i Bøkeskogen. Vi gjekk 6 km på stiar og grusvegar.
Elinfamilien som no er tre: Dag, Elin og Inga.  Med var også bestemor Rigmor, onkel Jens og fire veninner av Inga.

Turen gjekk til Padlehytta og til turistforeininga si hytte ved Farrisvatnet.
Det var sal av pølser og av vafler og kaffi. Men det det var så mykje folk og lange køar at det var vanskeleg å få mat. Vi burde hatt med oss.
Men nydeleg tur likevel.


Rigmor fann ein hund som likna på den ho hadde ein gong, og dei fekk god kontakt.
Dag og Jens Erik.

 Eg og Elin.
Eg og Elin.

Engang Alltid på tur til Vilnius


Helga i månadskiftet aug. - sept.,  laurdag til tysdag, var Eingong - Alltid gruppa for Larvik, Sandefjord og Stavern på tur til Vilnius i Litauen.
Flott ver, varmt. Og ein nydeleg by.
Vi hadde omvisning med ein flink norsktalande gaid i borga Trakai og i byen Vilnius.

Elles gjekk vi for oss sjølve i små eller store flokkar.

Vilnius har meir enn 40 kyrkjer og er på Unescos verdsarvliste.  Domkyrkja med klokketårnet.


Mykje å sjå og mykje å kjøpe.








Dei har raspeball i Litauen. Med noko som likna mor inni. Litt annleis enn vår, men smakte godt.

Vi var i mange linbutikkar. Her må vere store åkrar med lin.
I linbutikkane var det ferdige vare og tøy.
nokre av damene kjøpte kjolar m.m.

Eg kjøpte  løparar.

Der var og mykje smykke av rav.
Og mykje fine mønsterstrikka sokkar, vottar o.a.

Vi budde på Kongress hotel og hadde det fint der.
d
Det låg sentralt midt i byen.
 


St. Annakyrkja  og Bernhardinokyrkja.

Besøk frå Vedelda


Tysdag 1.september fekk vi kjekt besøk av Ruth og  Pål frå Vedelda og sonen Sigbjørn som bur i Oslo.  Dei var komne då eg kom frå Vilnius.
Men Hans hadde handla inn karbonader m.m., så det var greit å lage middag.

Elin og Inga kom og på besøk og fekk treffe dei.
Gjestane hadde med banankake.