Flott ver, varmt. Og ein nydeleg by.
Vi hadde omvisning med ein flink norsktalande gaid i borga Trakai og i byen Vilnius.
Elles gjekk vi for oss sjølve i små eller store flokkar.
Vilnius har meir enn 40 kyrkjer og er på Unescos verdsarvliste. Domkyrkja med klokketårnet.
Mykje å sjå og mykje å kjøpe.
Dei har raspeball i Litauen. Med noko som likna mor inni. Litt annleis enn vår, men smakte godt.
Vi var i mange linbutikkar. Her må vere store åkrar med lin.
I linbutikkane var det ferdige vare og tøy.
nokre av damene kjøpte kjolar m.m.
Eg kjøpte løparar.
Der var og mykje smykke av rav.
Og mykje fine mønsterstrikka sokkar, vottar o.a.
Vi budde på Kongress hotel og hadde det fint der.
d
Det låg sentralt midt i byen.
St. Annakyrkja og Bernhardinokyrkja.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar