søndag 30. mai 2010

Besøk i Måløy

I dag har vi vore på dagsbesøk i Måløy for å sjå huset til Svanhild og Øystein.
Og for å sjå Jakob som vi ikkje har sett, og no er han 6 månader.
Storesøstra har og vakse mykje sidan sist vi såg henne.
Dei har fått seg eit stort og kjempefint hus.
Og så kan dei gå på besøk til mormor og morfar gjennom hagen.
Nydeleg middag serverte Turid til heile gjengen.
Familien i underetasjen var der sjølvsagt og.
Så no har dei begge døtrene med familiar
tett attmed seg og det blir mykje barnepass.

fredag 21. mai 2010

Potetene er komne i jorda.

Då eg var barn, skulle potetene vere sette før 17. mai.
Det er ikkje naudsynt, seier naboen min, Sæbjørn.
I år sette eg fem forer med mandelpoteter og dei raude.
Var det pimpernell?
Fort gjort, og kjekt å ha litt å ta opp til hausten.

God pinse til alle!

tirsdag 18. mai 2010

På Spinalonga

I hamna i Plaka låg ein del fiskebåtar.
Fiskarane greidde garna sine.
Der var eit par skyssbåtar som skyssa folk over til Øya.

På veg over sundet.
Øya Spinalonga i bakgrunnen

Her gjekk vi i land og opp til tunnelen.

Spennande å gå gjennom tunnelen. Korleis kan det
vere på andre sida?
Vi kom ut i gata, omtrent som eg hadde forestilt meg den.
Ho gjekk nedover frå tunnelen. Eg hadde sett føre meg at ho gjekk oppover.
Der fekk vi sjå bakeriet, vaskeplassen, to kyrkjer, sjukehuset, blokka, m.m.
Det var lett å kjenne seg att frå boka.
Det verka som det hadde vore eit samfunn som var bra triveleg for mange.
Ikkje rart det vart problem når kolonien skulle avviklast og alle måtte reise.
Etter mange år hadde mange av dei ikkje hatt kontakt med folk på fastlandet.


søndag 16. mai 2010

I Plaka 5. mai.

Eg gjekk omkring i Plaka med boka Øya i handa.
Nokre vi snakka med der sa at forfattaren, Victoria Hislopp,
var i byen. "Ho sat på den stolen for ein time sidan".
Eg håpa på å få autografen hennar i boka mi.
Då kom vi forbi to karar som sat med backgammonspelet.
Vi prata med dei og viste dei boka. "Eg er dr. Kyritsis og han er Petros Kontomaris",
sa han i svart skjorte. Dei spelar no inn film om boka. Mange skodespelarar og
forfattaren var i Plaka.
Ein plakat i Plaka fortel om filminnspelinga.
Filmen kjem i oktober.

Her sit eg ved hamna i Plaka og les i Øya.
I bakgrunnen ser vi øya Spinalonga.


Forfattaren trefte eg ikkje, men
dei to skodespelarane skreiv i boka mi.