søndag 28. februar 2010

Helene fyller 11 år. Gratulerer!

Helene feira 11 årsdagen sin på fjellet.
Mamma laga brownieskake og bollar
og det var bursdagssong og mange gåver.

I badeland


I Rauland sentrum er det eit kjekt badeland med
fleire basseng. I eitt basseng er det ekstra varmt vatn
og massasjestålar.
Og så er der boblebad, varmt og godt etter skituren.


På ski i Rauland

Her går vi 2 km runden.
Tre av dagene gjekk vi 4 km.

Denne gjengen gjekk lenger.

To som har "skitrekk".

Posted by Picasa

mandag 22. februar 2010

Tenkjedag for alle speidarar

Lord og Lady Baden Povell var begge fødde den 22. februar. Difor er denne dagen vald til ein internasjonal tenkjedag som speidarar over heile verda feirar.
Speidarane sender helsingar til kvarandre, og dei gir pengar til andre speidarar som treng det.

Så i dag sender eg ei spesiell helsing til alle speidarar som les dette.

Vinterferie med buff.

I dag har vi gått tur ved Vierli, 1000 m.o.h. I Rauland.
Det var 15 kuldegrader, men vi var godt kledde.
Godt å ha "buff".
Hans og eg gjekk ei løype på 5 km.
Dei andre gjekk lenger. Vi gjekk i lag eit stykke.

I hytta er det god plass til 12. Der kan bu 20 personar.
Vi har det godt og varmt og alt vi treng til hushaldet.

Første dagen gjekk vi tur i skogen like ved hytta.
Det var ei løype på 2 km.
Passeleg for oss besteforeldre å starte med.

onsdag 17. februar 2010

Tenkjedagsfeiring i Ræge kyrkje

Her skjer det noko kvar dag. Måndag var vi i Tananger kyrkje
om kvelden. Der fekk seks speleelevar prøve å spele på
kyrkjeorgelet. Helene var ei av dei.
I går, tysdag, var det tenkjedagsfeiring for speidarane i Sola.
Det var mange, kanskje 200 samla i Ræge kyrkje.
Og imponerande med opptakk av 11 vaksne leiarar, dei fleste menn.
Denne veka er det "Tangentveke" i Sola kulturskule.
I dag har vi vore på konserten i Lille konsertsal i kulturhuset.
20 elevar framførte pianostykke. Astrid og Helene var mellom dei.
Flott sal med "fuglefjellamfi" og stilige og flinke elevar.

Innsetting av nye speidarleiarar i Sola.

fredag 12. februar 2010

Mormor syr leirbålkapper.

Til sommaren skal det vere landsleir på Lista.
Då må heile troppa ha like leirbålkapper.
I dag har eg gjort ein innsats med å sy fire kapper.
Den eine er for Helene.

Kari laga nydeleg fiskemiddag.
Det var torsk frå Leikong, og det smakte nydeleg.

torsdag 11. februar 2010

Heimelekse å lage sveler

Helene hadde fått i heimelekse å lage sveler. Det var ekstralekse.
Oppskrifta står i læreboka.
I dag hadde ho med smaksprøve til læraren. Det likte han godt.
Og vi kosa oss med sveler til kaffien.

Mathias pyntar kake

Her blir kaka pynta av bursdagsbarnet.
Mamma ventar med fotoapparatet.

onsdag 10. februar 2010

Mathias 6 år. Gratulerer!

I dag fyller Mathias 6 år.
Hadde han budd i New Zealand, hadde han begynt på skulen i dag.
Det kunne han godt. Han er både stor og flink!
I dag har han fått servert browniekake med lys på senga. Servert av pappa.
Og på frukostbordet ventar ein haug med pakkar.

Morfar køyrde Mathias til barnehagen.
Koffor flaggar dei, undrast morfar.
De e for meg! Seier Mathias.

søndag 7. februar 2010

Snøen frå taket

Så er snøen komen ned frå taket, iallefall noko av han.
Slik at faren er mindre om det snøar meir.
Og det gjer det i dag.

Hans har moka tilgong til vedskjulet.
Heldigvis har vi ei dør inn frå trappa.

Eg hentar ved.

Hans har laga ei opning for å få ut bilen.

lørdag 6. februar 2010

Hjelp på taket



Så fekk vi hjelp med snøen på taket.
Den unge spreke leigebuaren tok jobben.
Hans moka noko på oppsida, men alt vart for mykje.
Så no går verandadøra og andre dører som normalt.
Det er tryggare no om det skulle komme meir snø.
Posted by Picasa

torsdag 4. februar 2010

Strikkekafé igjen i gågata.

Mange damer møtte fram i kveld og praten gjekk livleg.
Eg strikkar no den til å ha på hovudet.
Det er ein CALORIMETRI
(Ordet er eit begrep for måling av varmetap)

Mange artige og fine modellar utstilte.

Her beundrar vi ein sokk.

Posted by PicasaEr ikkje dette eit fint bilete, vel?
Denne bestemora lagar mykje fint.

onsdag 3. februar 2010

Snø og sol i Ørsta

Møte i Regndråpen

Vi var berre fem på møtet i går. Reidun og Henriette kunne ikkje komme.
Her er vi i arbeid med studiearbeidet om misjon.
Det handla om ei jente i Brasil som har lyst å bli misjonær.
Og samtaleoppgåvene var: Kvar er vårt fokus?, Kva brukar vi tid på?
og Kva er avgjerande for dei val vi gjer i livet?
Krevjande spørsmål, og svara blei vi vel ikkje ferdige med.
Vi har maten i starten av møtet. Denne gongen var det te, brød og pålegg
og så kake og kaffi.
Vi hadde elles evaluering av 13.dagsbasaren og planer framover.
Og sjølvsagt misjonsgåve.
Det er kjekt med misjonsforeining!