tirsdag 30. november 2010

Regndråpen hos Bjørg

Dette var truleg det siste møtet eg hadde hos meg i Ørsta.
Veldig kjekt å ha alle her.
Reidun, Jorunn, Henriette, Janne, Torbjørg, Ellen og Kirsten.
Vi evaluerte misjonsmessa der det kom inn over 50 000 kr til
Ørsta kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt i Thailand.
Der var vi med i arrangementet. Det neste er Trettandagsbasaren i januar.
Elles arbeidde vi med studieheftet. Denne gongen handla det om
Kampen mot omskjæring i Mali. Det nyttar. No er det 62
landsbyar der som ikkje praktiserer omskjæring.
Men mykje står att.

Mat høyrer med på foreining.
Eg serverte kveldsmat med kaffi og kake etterpå.


Dei sette pris på ripsrullen. (Oppskrift frå Kari)
Oppskrifta er med her etter ynskje frå damene.



RIPSRULL

5 eggekviter

3 dl. sukker Pisk egg og sukker stivt – ha i sukkeret litt om gongen.

1 pose vaniljesauspulver ( koke type) blandes i.

1 pakke ( ca. ½ dl) skiva mandlar

3 dl. kremfløyte

Ca. 3 dl rips

Kle ei langpanne med eit smurt bakepapir.

Bre marengsen utover.

Strø på mandlane.

Steik kaka på 180 grader i ca. 20 til 25 min. like nedom midten i omnen ( Følg med på fargen – det er betre med litt for lite enn litt for mykje steikt ).

Ta kaka ut av omnen og snu den på rist med bakepapir på .Ta av bakepapiret som var i botnen av langpanna. Dekk til med eit reint tørkehandkle vridd i varmt vatn. Vent til kaka er kald. Pisk 3 dl kremfløyte med 3 ts sukker, bland inn ca. 3 dl rips blanda med litt sukker. ( Det går fint med frosne rips som ein tiner berre litt slik at ein kan skilje dei frå kvarandre). Bre fyllet over kaka. Rull saman kaka ved hjelp av bakepapiret som ligg under. Kaka kan godt frysast. Tining 1 dag i kjøleskap ev. 2 timar i romtemp., er god halvfrosen også.

tirsdag 23. november 2010

Krabbane frå Løfsøyna

Guttorm og Andreas har fiska krabbane.
No er dei klar for å komme i frysaren i Ørsta.
Skal tru kven som skal kose seg med dei.

søndag 21. november 2010

Heimatt frå Lepsøya

Her er dei som lagar middag på sundag.
Vi fekk nydeleg hjortesteik med erter, surkål, tyttebær,
poteter og god saus.

Til kaffien spanderte Kirsti kaka som ho hadde fått i premie
for kryssord.



Vi hadde med fire datamaskiner til ettersyn. Så no virkar alle fint.
Takk til Kristian!
Og takk til vertskapet for ei kjekk vitjing!

Sundag ettermiddag køyrde vi heimatt. Fint ver med raude skyer
ute i havet. I Tennfjorden sprang to fine rådyr over vegen
framfor bilen. Dei kvite bakendane lyste inn i skogen.

lørdag 20. november 2010

Pizzakokkar



Julemesse på Lepsøya

I stabburet på Set var det julemesse i dag.
Kirsti og eg møtte opp for å sjå og kanskje handle.
Ute og inne var det fint pynta med levande lys og massevis av flotte handarbeid
var utstilte inne. Der var og servering av pepperkaker og gløgg.
Og stappfullt av folk i det vesle stabburet!



Eg kjøpte eit tova sitteunderlag av dei med striper
og to filthjarte.

Damene her lagar mykje fint. Kirsti kjøpte Bukkane Bruse og fleire andre
julegåver.

Kongekappe til Andreas.

søndag 14. november 2010

Triveleg med gjest frå Volda.

I dag henta vi Susanne, som studerer i Volda, til middag hos tanta og onkelen
i Ørsta. Veldig hyggjeleg! Kjekt å få helse på kjærasten og.
Men han blir invitert ein annan gong.
Til middag hadde vi omnsteikte kotelettar a la Solrunn. Potetene kom og på bordet.
Desserten var hermetiske plommer frå i fjor med is og vaniljesaus.

tirsdag 9. november 2010

Pris til Elin

Tidsskriftet som Elin er redaktør for, Rom for læring, vann kommunikasjonsprisen for 2010.
Les om hendinga på statped.no. Ho fekk fin omtale for arbeidet sitt. Sjå grunngjevinga for prisen.
Vi gratulerer mykje!

onsdag 3. november 2010

Speidarmøte hos Bjørg

I dag, 3. november 2010 er det 90 år sidan Norges KFUK-speidarar vart stifta.
Vi feira dagen hos Bjørg i Eingong Alltid patruljen for Ørsta og Volda.
Her er Wenche, Svanhild, Bjørg og Jorunn.
Ørstadamene kom med smørbrød, og Wenche hadde laga bursdagskake.
Bjørg hadde steikt sveler.
Flott, - og nydeleg god bursdagskake, laga av Wenche.

Bjørg, Turid, Aasta, Annlaug og Asgerd.


Svanhild var den heldige vinnar av gevinsten i dag.


Programmet var mangesidig: Opningsord, speidarsongar, referat frå speidarleiren på Lista,
bilete frå speidarleiren, konkuransar, vitsar, visning av gamle speidareffekter og bilete.
Utlodning av gevinsten som kom frå Cesilie (ho vann sist).
Det var ein adventduk og to fine lysehaldarar.

Annlaug og Torbjørg.

Ein merkjedag!!

I dag har vi kjøpt ein bustad i Larvik. Det er i ein tomannsbustad, vertikaldelt, 129 kv.m. i to etasjer.
Det finst ikkje bilete førebels, for bustaden er under byggjing, ferdig til våren.
Så no er det å gå i gong med å minske innbuet, rydde på loftet m.m.
Det blir eit nytt kapittel i livet. Men vi gler oss til å sjå barn og barnebarn oftare.