tirsdag 14. juli 2015

Krabbefiske med kontroll


Mathias henta pennar i hytta og sat i naustet og skreiv namn på blåsene.
Det blei fint og skikkeleg gjort.

Mathias er klar for første tur med teinene.

Den blå teina fekk Mathias til jul med morfar.

Mathias sette dei 6 første teinene langs land på andre sida av vika. To og to i lag, så det var tre blåser.

Då såg mormor ein raud båt i nærleiken av Mathias. Ho henta fotoapparatet.

Den raude båten såg på alle Mathias sine blåser.


Her snakkar kystvaktkarane med Mathias.
Han hadde alt i orden. Namn på blåsene. Passe store hol til rømningsveg.
Men Mathias oppdaga att rømningsvegen på den nye teina ikkje var opna,  så han tok den med til bake for å ordne det.

Mathias kjem tilbake for å hente fleire teiner.

No ville Mathias bort til området ved Blåbærøya.
Då bytta vi på med roinga.

Stilt og fint ved Blåbærøya.

Mathias rodde halve vegen.

Der borte sette vi ut fem teiner,
to pluss to pluss ei.

Så rodde vi heimatt.
Det var ein fin tur og det gjekk godt med kontrollen.

mandag 13. juli 2015

Kveldsbad i Djuvikvatnet


Klokka er ni om kvelden.
Mathias tek sitt daglege bad.

Temperaturen er 12 gr. på land















Fiskeri på hytta



Onsdag 8. juli grilla vi fisk og grønsaker i folie nede ved sjøen. Nydeleg mat!

Elin og Hans hadde sett fire garn onsdag kveld.
Torsdag morgon reiste alle for å drage.
( Ikkje Rigmor, Dag og eg.)
Dei fire jentene drog kvar sitt garn, og alle fekk fiskar i garnet. Mange fine torskar.
Det regna godt under draginga, men så skein det opp og blei sol.
Camilla sløygde fisk for  første gong.
Inga underviser.

Rigmor var flittig å greide garn.

Det var tre slike fiskar i garna.
Om kvelden laga Sunniva nydeleg
steinbitsuppe. Oppskrifta fann ho på nettet.
Vi har meir steinbit i frysaren.

Laurdag kveld grilling av kjøtt og pølser.
Det regna litt, så vi åt inne i naustet.
Etterpå hadde vi bursdagskaffi oppe i hytta.

Morfar fyller år


Morfar Hans fyllte 78 år den 13. juli. Dagen vart
feira laurdag kveld den11. Seglbåten med Elinfamilien reiste vidare på tur om sundagen.



Bursdagsbarnet opnar pakke frå dei i Sola.
Fin shorts og skjorte. Så no kan han pynte seg når sommarvarmen kjem.

Hans, Inga, Camilla, Johanne og Mathias.


Mathias, Sunniva, Elin og Dag.

Besøk på Kikut

Imponerande kva dei har fått til på ein fjellknaus med flott utsikt.
Hans og eg var på triveleg besøk hos Mette og Lars.




onsdag 8. juli 2015

Baccalaomiddag i Maribell

Dag, Rigmor, Inga  og Hans klar for middag i Maribell.
 Elin lagar baccalao i trykkoker i byssa i
Maribell.
Det ser godt ut!
Og det smakte nydeleg!

Middag hos tante Turid i Måløy


I Måløy fekk vi nydeleg suppe.
Vi fekk sjå på Loppehuset og det blei tur til
Refviksanden. Fint ver.

Sommartur 2015

Maribell kjem rundt neset. Hans ventar på brygga. Det er Elin, Dag, 
Inga og Rigmor som er ombord.  


Eg har aldri sett så mykje gras rundt hytta. Vi kunne nok fødd minst ei ku.

 
Laurdag 4. juli kom vi til Måløy. Der kom og Maribell frå Florø den dagen.
 Mange hjelper til med fortøyninga. Frå Måløy køyrde Hans og eg til hytta.
Rigmor vart med i Maribell rundt Stad. Dei kom seg vel til hytta på måndag.

Tante Turid heldt auksjon på torget til inntekt for Parkinsonforeininga.
Ho fekk inn mykje pengar.  

På veg til Sunnmøre stoppa vi og såg på Riddarspranget. Der var 
og ein fin rasteplass.

Ridderspranget.
Over fjellet forbi Beitostølen kom vi til fjellet Bitihorn. Der har Hans
vore på toppen, fortel han.