søndag 22. februar 2015

Sundagstur til Langevannstua

Vi var først i Østre Halsen kyrkje klokka 11. Med kyrkjekaffi. Så tur.

For å komme til Langevannstua køyrde vi gjennom  Kjose og opp til Saga. 
Det var ca ei mil frå gamle E 18 og opp til Saga som er i enden av Kjosebygda.


 Derifrå gjekk vi på traktorvegen 1, 4 km. Vegen var ganske islagd. Vi greidde det ved å gå i  traktorsporet der isen var litt oppkøyrd. Vi kom velberga opp.


Der rakk vi akkurat dei siste vaflene før dei stengde for dagen klokka tre. Hytta er driven av Kjose Idrettslag, og det var pensjonistar på frivilleg jobb der.

 Langevannstua er ei lita hytte utan straum. men dei har eit aggregat, så pass dei får kokt kaffi og steikt vafler.
Koselege folk der.

 På vegen gjennom Kjosebygda, såg vi igjen på den gamle flotte eika. Uvisst om ho er 500 eller tusen år gamal.
På veg nedover ser vi Kjose kyrkje nedafor eika.
I toppen av eika er der eit fuglehus.

søndag 15. februar 2015

Jordbrukstur på Gran Canaria


 Ein av dagane vi var på Gran Canaria var vi med på ein busstur til jordbrukslandet.
Vi vart imponerte over kor mykje dei dyrkar der.
Det viste seg og at det var "ulltur". Sal av ullprodukt. Denne gongen slo eg til og bestilte ei ullseng.
Det blir spennande å prøve.                    Andre stopp på turen var Aloe Vera farm. Der serverte dei  vin og smaksprøver av planten. Ikkje særleg..!
Eg skriv kontrakt. Ullteppa skal komme frå  Tyskland om fire veker.
Vi spaserte ein kilometer gjennom  jordbrukslandet. Fekk sjå mykje.
Imponerande alt dei dyrkar.

 Her får vi servering på ein bondegard. Mange spennande rettar av jordbruksprodukt.
 Kaktus
Aloe Vera
Gartneri med blomster.




 Flott mandeltreblomstring over alt.
 Appelsiner
Julestjerne i blomst


Imponerande jordbærfarm.
Vi fekk smake på bæra.
Fine og gode!
Fikentre før blomstring og lauv.