søndag 22. februar 2015

Sundagstur til Langevannstua

Vi var først i Østre Halsen kyrkje klokka 11. Med kyrkjekaffi. Så tur.

For å komme til Langevannstua køyrde vi gjennom  Kjose og opp til Saga. 
Det var ca ei mil frå gamle E 18 og opp til Saga som er i enden av Kjosebygda.


 Derifrå gjekk vi på traktorvegen 1, 4 km. Vegen var ganske islagd. Vi greidde det ved å gå i  traktorsporet der isen var litt oppkøyrd. Vi kom velberga opp.


Der rakk vi akkurat dei siste vaflene før dei stengde for dagen klokka tre. Hytta er driven av Kjose Idrettslag, og det var pensjonistar på frivilleg jobb der.

 Langevannstua er ei lita hytte utan straum. men dei har eit aggregat, så pass dei får kokt kaffi og steikt vafler.
Koselege folk der.

 På vegen gjennom Kjosebygda, såg vi igjen på den gamle flotte eika. Uvisst om ho er 500 eller tusen år gamal.
På veg nedover ser vi Kjose kyrkje nedafor eika.
I toppen av eika er der eit fuglehus.

1 kommentar:

Annfrid sa...

Ser at dokke har det kjekt og går turar.Vi har no i tur og orden passa Nora,Linnea og Emil som har vore forkjøla med feber.Olav er ute og har 2 veker att før han kjem heim.I morgon skal vi vere heilt fri.Akkurat no steikjer Per pannekaker for det ville dei ha.Linnea har overnatta og ikkje vore på skule,Nora kjem frå skule og Emil skal hentast i barnehagen.