søndag 1. mars 2015

Handletur til Sverige og besøk hos Dulka


Vi tok turen med Colorline til Strømstad sist torsdag. Køyrde eit lite stykke til Nordby Kjøpesenter. Asle var sjåfør.
Vi hadde ikkje tenkt å kjøpe så mykje, men med så mykje varer, vart det kjøpt ein del.  Billege bøker på norsk. Det kjøpte vi ikkje.

Asle  såg på sportsutstyr til sønene sine. Kjøpte ein slalåmhjelm.

Eg kjøpte bacon, ein stor rull.
Må fryse det i mindre porsjonar.

Frå Nordby køyrde vi til Fredrikstad. Der besøkte vi Dulka. Ho serverte nydeleg suppe og godt bakverk.
Ho har ein grei bustad, men dyr.
Ho seier ho angrar på at ho flytta frå Ørsta og alle venene der.


1 kommentar:

Annfrid sa...

Eg og Per tek ein tur til Ørsta og Volda når eg vil ha eit avbrot.Vi et biffsnadder i Volda og kaffi og blautkake i Ørsta.No har eg,Annfrid ,lyst på ein handletur til Moa,men veit ikkje kva eg skal kjøpe.Vi brukte å kjøpe reker på Fiskerberg på Moa,men no er dei konkurs.