onsdag 28. desember 2011

Juleselskap andre juledag

Sidan alle barn og barnebarn var samla, heldt Elin og Dag juleselskap.
Her er alt straks klart.
Vi er 18 i familien. Litt utpå kvelden kom ei familie til innom. Dei var fire, så då blei det 22.
Elin og Dag har stort hus, så det gjekk greitt.

Kari laga til desserten som er ymse sortar bær frå frysaren.
Med krem og vaniljesaus smakte det friskt og godt.

Tore deler opp den eine kalkunen. Vi hadde to på 7 kg kvar.
Det vart litt til overs, men delt på to husstandar, vart det overkommeleg.

Fruktkake laga etter oppskrift frå Lillian på Island.
Den er kjempegod. I år hadde eg stikkelsbærgele i staden for jus på den.
Då hang ho betre saman.

Juletreet som vart henta i skogen siste sundag før jul.
Det er ganske smalt og veldig fint.
Så var og skogmannen Jens med og tok det ut.

Ungdomane likar å prate saman. Her er dei på Johanne sitt rom.
Og dei kosar seg med spel.


Jakob er blitt flink med gitaren.
Kjekt å høyre på!

tirsdag 27. desember 2011

mandag 26. desember 2011

God Jul

Ei riktig god jul ønskjer eg alle som ser innom bloggen min!

Tur i Stavern 1. juledag


I dag på første juledag hadde vi tur til Stavern og gjekk ein runde til Minnehallen og Fredriksvern. Fin rundtur. Litt vind, men ikkje regn.


Mange fotografar, så det blir mykje bilete.

Kanoner på festningsområdet.


Ein litt uvanleg "skulpturpark". Båtar på høgkant med mange ulike lydar.

Mathias som skiltvakt.

Jul i Rekkevikløkka

Juletreet er ikkje stort. Det var litt bekymring for at det ikkje blei plass til alle pakkane under. Men det gjekk greitt. Mathias fekk plassert dei.

Frukost julafta. Dei lilla adventlysa brenn ned. No skal juleduken på og dei raude lysa fram.
Risengrynsgraut klokka 13. Så pynta vi oss og gjekk i Østre Halsen kyrkje klokka fire.
Stappfull kyrkje. Det var andre gudstenesta. To på julafta. Fin korpsmysikk og ei jente som song solo. Heime att hadde vi tradisjonell julekveld utan gong rundt juletreet. Kanskje vi kan få det til i familieselskapet ?

Første juledag kveld. Spelet Alias er populært.

Lillejulafta

Det er tradisjon i familien å ha fondue på lillejulafta.
I år var vi hos Elin og Dag.
Mormor hadde kopiert opp Julekveldsvisa av Prøysen.
Det var mange vers, meinte somme.
Men mormor seier vi må synge alle versa for å roe oss ned.
Det gjekk veldig greitt.

søndag 25. desember 2011

Inga 8 år. Gratulerer!

Eit av gaveønskja var ei megapute, så det blei glede då puta kom fram.

Det var tysdag før jul at Inga feira bursdagen sin.
Alle jentene i klassen var gjester, og det var 19 ialt.
Mamma Elin styrte gjestane gjennom dei to timane selskapet varte.
På kjøkkenet var Sunniva, mormor og pappa.
Serveringa var pizza og sjokoladekaker.


søndag 18. desember 2011

I juletreskogen


I dag, skitnesundag, fekk vi vere med Elin og Inga til ein
gard ute i Tjølling. Der har bonden som er bestefar til Inga si veninne, invitert
slekt og vener til samling i skogen. Dei som ville kunne finne seg juletre og hogge sjølv.
Elin fann. Ho hadde sakkunnig hjelp av svigerfar Jens som er skogmann frå Østfold,
Der var bål og pølsespidding, og dei frammøtte som ikkje alle var kjende, prata med kvarandre.
Endå til ein julenisse dukka fram i skogen med godteposar til ungane.
Og det var stas å sitte på tilhengaren fram og tilbake frå gardstunet til skogen,




Farfar Jens ordnar seg ei pølse.


Like attmed var det eit imponerande kulturminne.
Steinsettingar frå jarnalderen.

Juleførebuing

Dei fleste julegåvene er no kjøpte og pakka inn. I år er det mest bøker.
Torer ikkje å seie meir no.

Inga og to veninner baka lussekattar for vel ei veke sidan.

I år hadde eg god hjelp til smultringar og fattigmann.
Sunniva og Johanne hadde ikkje vore med på det før.

torsdag 8. desember 2011

Kunst

I Larvik er ein stor ballettskule. Sunniva går der. No hadde dei juleoppvisning i den store salen i kulturhuset Bølgen. Der er plass til 550 tilskodarar. Og då måtte vi vere der og sjå på det. Veldig flott! Det var full sal to kveldar. Og på scena var det nye grupper med dansarar andre dagen. Imponerande mange!

I dag tidleg fann eg denne "kunsten" på vindaugo i garasjen, Det forsvant etter eit par timar.

onsdag 7. desember 2011

Desemberbesøk på Sola


Sist torsdag reiste vi med tog til Sandnes der vi vart henta av Tore.
Det er lenge sidan vi har reist med tog. Det var fint. Ein kan lese eller strikke, eller sjå ut på landskapet. Noko kronglete rute frå Larvik om Porsgrunn, Skien, tilbake til Porsgrunn og Skien igjen. I Noragutu k0m vi over på Sørlandsekspressen, og då vart det beinare veg.
Vi reiste klokka 11 frå Larvik og var framme i Sandnes klokka nitten.
Heimreisa gjekk om Drammen, så då vart det ein time ekstra.
Fredag skulle Kari og Tore på julebord. Astrid var og på ein tur.
På laurdag var vi heldige og fekk vere med på den årlege førjulsfeiringa i Kongeparken. Det var denne dagen for Statoiltilsette. Mykje folk, store og små. Buffet med all slags julemat. Og så mange verkstader for julegåvelaging. Parken var flott pynta med lys i trea og massevis med julepynt. Til og med lett snøbye produsete dei for høvet!

Laurdag morgon var Helene tidleg oppe og laga rundstykke til frukost.
Ho er dyktig kjøkkendame!