tirsdag 18. september 2012

Besøk frå Japan

I dag fekk vi koseleg besøk av Keiko frå Japan.
Ho har med sonen sin som er fransk-japansk.
Dei har vore 10 dagar i Ørsta.
Sjåfør var Øyvind Nupen frå Ørsta.
Veldig kjekt at dei tok turen til Larvik.

Norskopplæring med Keiko var min første jobb i Ørsta kommune. Ho kom heim til meg.
Det fanst  ikkje noko lærebok, så vi laga opplegget sjølve.
Ho var gift i Ørsta,  men då den vesle guten hennar døde, orka ho ikkje å vere meir der og reiste tilbake til Japan. Sidan har ho budd i Singapoore og i Frankrike der ho gifta seg med ein franskmann.
No er ho enke og bur i Japan. Eg synest ho ikkje har forandra seg.

                                          I Ørsta i 1978 med meg, Asle, Kari og Elin.

Keiko var så opp i under over sola som skein heile tida og som vi kunne sjå gjennom alle vindauga i huset.
I Ørsta hadde vore mykje regn. Vi hadde biltur og såg på seglbåten Maribell og på Bøkeskogen.


                                         Litt forandring på 34 år....

fredag 14. september 2012

Rabarbrasyltety

Rabarbraen som Annfrid og Per plukka for oss på hytta i vår, vart til syltety i dag.
Tusen takk for plukkejobben ! De skulle vore nærare, så de kunne fått smake på det. 



søndag 9. september 2012

Kulturminnedag i Kjærra


I dag var vi først i kyrkja klokka 10. Det var presentasjon av konfirmantane, og
Johanne er konfirmant.
Etterpå har vi vore på biltur opp i Lågendalen til Kjærra i nabokommunen Lardal.
Der var det mykje program i eit fint område. Det er Lardal sin 1000-årsstad.
Dette er ein plass for laksefiske. I dag var det foredrag mange plassar rundt på området.
Dei som talte brukte ropert for å overdøyve elvesusen.
Foredraga var om naturen og laksefisket.
Der er og planer om å byggje ein keramikkomn for 1300 grader på elvebarden.
I "Stolpehuset" var det kafe med kaffi, vafler, fiskesuppe med flatbrød.
Alt gratis og ingen inngongspengar. Mykje folk. Arrangert av Vestfold Fylkeskommune.


                                         
                                          Ein liten modell av keramikkomnen som skal byggjast her.
                                          Han skal verte forma som ein fisk.

                                         På veg til Stolpehuset.

                                          Kjekke folk å prate med.
                                           

lørdag 8. september 2012

God hjelp til hogging av tre

Vi hadde ønskje om å ta vekk nokre tre attmed vegen. 
Eigentleg var dei vel på vegvesenet sin grunn.
I dag kom Dag med mykje mannskap og det vart trehogst.


Bestefar Jens er skogmann og svinga øksa.
Jentene  lempa greiner.
                                                                 Ikkje vått på plenen i dag.
        


 Vi hadde graut til alle klokka fire. Etter trehogsten var det kaffi med kake.
I dag tidleg leverte Dag kake til kakelotteriet for handballen. Johanne selde lodd på Menybutikken frå klokka 11 til 13. Då kom bestefar Jens og tok lodd. Og han vant kaka som Dag hadde levert. Veldig god sjokoladekake!  Elin er i Italia nokre dagar.



onsdag 5. september 2012

Feiring utan jubilant

Vi hadde bløtkake i høve bestemor sin 75-årsdag.
Men jubilanten var bortreist på dagen, - til Halden.


søndag 2. september 2012

Sundagstur i skogen

I dag har vi besteforeldra vore i skogen i lag med Dag og Inga. Vi såg etter bær og sopp.
Dag var den ivrigaste plukkaren, og han greidde cirka ein liter med tyttebær. Sopp fann vi ikkje.
Vi andre kosa oss med kaffi, mat og litt gotteri.


Hausting med stor maskin


 Ei diger maskin dreiv på med innhausting på den store marka som er att av garden der vi har kjøpt tomt og hus. Eg lurte på kva det var dei hausta, såg at det var ikkje poteter, så eg spurde karane som dreiv på kva det var. Her går avlinga opp i ein stor kontainer.


 Dei hadde hausta alt på denne marka i dag (sundag). Dei sa at det er Findus som eig maskina, og ho går dag og natt heile veka så lenge innhaustinga varer. . Karane eg snakka med var innleigde.

Nede i lauvet var tjukt med aspargesbønner.
Eg fekk lov å sjå nærare på bønnene og smake på dei. Hyggjelege karar.
I Findusfabrikken blir dei straks nedfrosne.
Så no skal eg sjå etter dei i butikken.

 Litt lyd laga maskina, men ikkje så gale.


Loppemarknad og Taco


Største loppemarknaden i Vestfold vart halde på skuleplassen her på Østre Halsen skule laurdag og sundag.
Det skjer kvart år første helga i sept. Gymsalen er full av dekkety og mykje anna. I eitt hus er det bøker. Posesal på slutten av dagen. Vi fekk levert meir enn vi kjøpte. Eg kjøpte ein pose barnebøker. Det var alt.
Mykje folk, så trur dei fekk selt bra mykje. Inntekta går til musikkorpset.
Kafe også. Folk kosa seg i sola.

Laurdagskveld med tacomat i Rekkevikløkka. Sunniva er med venner. Elin har det travelt med oppgåva si for tida. Eg er ikkje flink med taco, så godt å få hjelp med det. Elin hadde kjøpt inn.