tirsdag 18. september 2012

Besøk frå Japan

I dag fekk vi koseleg besøk av Keiko frå Japan.
Ho har med sonen sin som er fransk-japansk.
Dei har vore 10 dagar i Ørsta.
Sjåfør var Øyvind Nupen frå Ørsta.
Veldig kjekt at dei tok turen til Larvik.

Norskopplæring med Keiko var min første jobb i Ørsta kommune. Ho kom heim til meg.
Det fanst  ikkje noko lærebok, så vi laga opplegget sjølve.
Ho var gift i Ørsta,  men då den vesle guten hennar døde, orka ho ikkje å vere meir der og reiste tilbake til Japan. Sidan har ho budd i Singapoore og i Frankrike der ho gifta seg med ein franskmann.
No er ho enke og bur i Japan. Eg synest ho ikkje har forandra seg.

                                          I Ørsta i 1978 med meg, Asle, Kari og Elin.

Keiko var så opp i under over sola som skein heile tida og som vi kunne sjå gjennom alle vindauga i huset.
I Ørsta hadde vore mykje regn. Vi hadde biltur og såg på seglbåten Maribell og på Bøkeskogen.


                                         Litt forandring på 34 år....

2 kommentarer:

Besta sa...

Dette var artig. Eg hugsar dama godt, for vi budde på Engeset på den tida , ikkje langt frå svigermor hennar. Og eg hugsar også då vesleguten døde. Heitte han ikkje Svein Mikao eller noko slikt. Men eg hugsar ikkje kven av brørne ho var gift med. Var det Øyvind?

Bjørg sa...

Keiko var gift med Jarle. Svein Mikao var med til norskundervisninga hos meg. Hugsar han låg på golvet på eit teppe.Svigermor Kjellfrid fylgde dei ofte. Ho var alltid så blid og smilande. Keiko ville gjerne treffe oss, så vi avtalte å treffast i Oslo først. Men så skulle Øyvind til Brevik for å sjå på ei maskin, og då passa det at Keiko og sonen var i Larvik til han kom tilbake derifrå.