fredag 14. september 2012

Rabarbrasyltety

Rabarbraen som Annfrid og Per plukka for oss på hytta i vår, vart til syltety i dag.
Tusen takk for plukkejobben ! De skulle vore nærare, så de kunne fått smake på det. 



4 kommentarer:

Annfrid sa...

ingkoyHei,rabarbrasylte har eg aldri laga.Har ei svigerinne som lagar det kvart år,men aprikoser i lag med rabarbraen.Så mykje sylte et vel ikkje dykk opp så fort,så frys du sylta?Eg har hosta og hosta natt og dag i 14 dagar,så det hadde vore godt om Hans hadde vore nærare med dei tablettane eg brukte å få.Per er ferdig med å montere ny vinsj i naustet, og båten kom på sjøen med ny motor fredag,men parkeringsplass har det ikkje vorte endå.

Bjørg sa...



Glasa ser kanskje større ut enn dei er.Eg har laga to slike porsjonar, så no er det berre litt rabarbra i frysaren, til pai eller likn.
Sylta står seg lenge, så har ho ikkje i frysaren.
Hans seier at 14 dagar med hoste er for lenge i din alder. Bør nok gå til dokter og få medisin.

Annfrid sa...

Eg var hos ny lege for ei veke sidan og han ville ringe til meg om ei veke å spørje kor det gjekk.I dag ringde han .Eg fortalde at eg hostar dag og natt,så i dag har eg fått ei flaske cosylan.Tegna ein skal skrive inn til kommentar er no mest ikkje leselege.

Bjørg sa...

Dumt med dei teikna. Kjekt å få kommentar.
Hans meiner du burde ha antibiotika. Han vil ringje til deg.