mandag 30. november 2009

Utejuletre

Vi var på hytta laurdag og henta ei gran frå juletrekvia.
No blir det ikkje teke juletre der til innebruk
sidan vi brukar tre av plast.
Men til å ha ute kan vi bruke dei.

Tilhengaren er ofte i bruk.
Og Mitsubitchien går godt i bakken.

Dette var den største grana i kvia.
Det var ikkje meininga at ho skulle stå der og vekse.

No lyser ho opp ved garasjen i Ørsta.
I går kom det snø, og endå meir i dag.
Det vart lyst og fint!

lørdag 28. november 2009

Syltepresse

I år har eg planer om å lage sylteflesk og lammerull.
Det er mange år sidan eg prøvde meg på det.
Men no er det lettare metodar enn før då vi strevde
med grisehauda.
Så var eg på jakt etter syltepresse.
Eg fann denne på Jernia for 199, kr.
Hans seier han kan ikkje konkurrere når det gjeld utføring.


Lammerull til jul

Det er mange år sidan eg laga lammerull sist.
No fann eg på Rema ein ferdig pakke med kjøtt og nettingpose.
Oppskrift følgde med.
Ingrediensane til lammerullen er kjøtt, krydder og løk.

Kjøttstrimlar, løk og krydder iblanda gelatinpulver
er kome på og klart til å rullast i hop.

Og så syast godt igjen.

Rullen er no ferdig til å leggast i saltlake.
Det er forvirrande når oppskriftene er ulike.
I ei oppskrift står det at rullen skal syast i hop og så kokast,
(eller trekke i to timar). Så leggjast i press.
I ei anna står det at etter syinga skal rullen liggje i
saltlake i 8 - 10 dagar og så kokast og leggjast i press.
Min rull ligg no i saltlake.
Tek gjerne mot kommentarar om det.

onsdag 25. november 2009

Solrunn er blitt bestemor.

Og Jon er blitt bestefar. Anette og Marcel
fekk ei jente 24. november.
GRATULERER!

tirsdag 24. november 2009

Gratulerer Astrid!

Her er mormor saman med ein flott og kjekk tenåring.
Kjære Astrid!
Til lukke med 13-årsdagen i morgon!
Lukke til med feiringa!
Helsing frå mormor og morfar.

lørdag 21. november 2009

Tropehelsing


Her er mange tempel, og vi har besoekt fleire.
Daa maa vi kle oss i skjoert som vi faa utlaant der.

Paa verandaen der vi bur. Vi har ikkje opphelde oss der. Det er for varmt.
Her er mange fine kjolar aa kjoepe, ikkje dyre.
Spoers om dei kan brukast heime.

Masasje og manikyr

For mindre enn ein femtilapp faar vi ein times full kroppsmasasje.
Behandlinga foeregaar ved bassenget.
Mikki masasjedame tek hardt i, men det gjer godt.
Tre av oss har teke fleire behandlingar.
Annfrid og eg har og faatt nydelege negler.
Og saa har vi faat innblikk i ei balidame sitt liv og har gitt henne arbeid.
Her er mange som konkurrerer om kundane.


torsdag 19. november 2009

Frukt paa Bali

Lang vegen finn vi slike boder.
Daa maa vi berre stoppe, fotografere og smake.

Kokosnoetter og mandarin og blide damer.

Tamari lou. Smakar syrleg.

Delimofrukt. soet med mykje froe i.

Pasjonsfrukt. Mjukt fruktkjoet med froe i.

Meir om mat paa Bali

Mykje god frukt til dessert.


Dette er kylling i carrysaus, groensaker og ris.
Slike tallerkenrettar kostar fraa 10 000 til 50 000 rp.
15 000 er lik 10 nkr.


I gaar valde eg ein indonesisk rett som heiter gadi gadi.
Det er laga av groensaker fraa Bali, potetbitar,
to sortar noko firkanta laga av boenner
og eit skjell laga av av reker.
Nydeleg saus over.
Smaken var rett god og passe mettande.
Det kostar 10 000 rupi, omlag 6 nkr.

tirsdag 17. november 2009

GRATULERER, SUNNIVA!

Sunniva lagar kake til min bursdag sist mai.

Kjaere Sunniva!
Gratulerer saa mykje med dagen!
13 aar!
Du er ein super tenaaring!
Lykke til med feiringa!
Helsing mormor og morfar.

Mat paa Bali


Her er mykje god mat, baade kjend og ukjend.
Dette er spare ribs som er meir vanleg mat.
Smaken er veldig god, passe krydra.

Under er vi paa ein buffetrestaurant som sjaafoeren vaar tok oss
til paa ein rundtur. Prisen var ca. 50 kr, og daa kunne vi proeve
mange spennande rettar. Mykje godt!

Spaghetti faar ein her og. Og vannmelonjus.


Til frukost kan vi velje mellom 8 menyar. Ein av dei er
bananpannekake. Til alle menyane er det frukt og valfri jus.

Dette er PORK, ein av favorittane til Annfrid og Per.
Servert i varm panne.

Nasi Goreng med eller utan egg er indonesisk mat og smakar godt.
Indonesisk er og mange sortar kjoett paa spidd.

Vi gaar paa resturant to gonger for dag.
Frukost faar vi paa hotellet.
Det er billeg. Vi betalar ofte rundt 20 kr.
Indonesisk mat er billegast. Ofte 10 - 15 kr for ein god middag.

torsdag 12. november 2009

Paa flyplassen i Bangkok.

Annfrid fortel om faren som hogg hovudet av sonen
og etterpaa skaffa han eit elefanthovud. (RLE)

Kuta, Bali


Her opplever vi solnedgangen paa Kuta Beach.
Mykje folk paa stranda.

Frukost paa Sorga Cottage der vi bur.

I hagen til hotellet staar det eit flott alter.
Dei ofrar til gudane oeverst og til demonane nede ved bakken.

Etter to dagar har vi det fint. Hans synest det er for varmt. Han har ikkje funne termometer, saa veit ikkje kor mange grader her er.

mandag 9. november 2009

Meir nytt om slekta

På veg til Gardermoen i går fekk vi melding frå tante Turid som fortalde at no er guten til
Svanhild og Øystein komen, 8. november. Alt var vel med dei,
Gratulerer!

lørdag 7. november 2009

Johanne i Larvik 11 år !

I morgon fyller Johanne i Larvik 11 år.
Gratulerer!

torsdag 5. november 2009

Nyhende i slekta

Ein ny steinhovding er komen. Janne og Rune har fått ein gut.
Gå inn på Langøy Budstikke i blogglista mi. Der er bilete og namn.
Edels Lille Vinkel har og stoff om dette. Det er mormora sin blogg.

Ei anna nyheit er at Svanhild og Øystein har kjøpt hus i Måløy.
Med felles gjerde med Turid og Leif !

onsdag 4. november 2009

Flytebryggja er inne.

Hans har sveiva inn flytebryggja. Det gjekk greitt.
Han hadde god hjelp av stor flo. Det er fullmåne no.
Fint på hytta i dag!

Flytebryggja er inne og resten av bryggja er åleine att.



Eg har gjort litt hagearbeid. Litt ekstra mold på rhododendronane.
Og så strødde eg kalk i einestapebakken.
Så får vi sjå om Solrunn sitt råd virkar.

søndag 1. november 2009

Tur til Tafjord

I dag har vi vore i Tafjord med Kirsti og Magne og sett til campingvogna.
Her opnar Magne døra. Fint ver. 8 grader ute (og inne).
Straumen er avstengd, men vi held varmen inne og kosar oss med
kaffi, gode smørbrød (Kirsti) og kake (Bjørg).


Magne og Hans har no fått på presenningen, og gjort klart til vinteren.


Her snakkar eg i telefonen med Sunniva. Magne viser oss ein
biletserie og videofilm frå slakting av villsau, steg for steg.