torsdag 30. januar 2014

Johanne på ball.


Johanne er klar for det store ungdomsskuleballet.
Ho hadde mange oppdrag der og greidde det fint.

Johanne går på sang på musikkskulen, og på ballet
opptredde ho med solosang. Ein annan elev, ein gut, spelte til på piano. Ho heldt og takk-for-maten tale.
Så vart ho hylla som ballets talent.
Og var strålande fornøgd.

Snø i Larvik


Siste veka har det snødd ein god del.

Vi har flytta bosspanna litt nærare døra.



Hans brukar snøfresaren.
Eg tek med spade og snøskuffe
rundt inngongsdøra.


Rart at snøen kan henge slik.
Det har han gjort i mange dagar.


søndag 19. januar 2014

Lappeteppet er ferdig


Så vart lappeteppet som eg har strikka på i årevis, mest på hytta, ferdig.
Det passar bra på loftstova.

Vennekontakt

Dei manglar ikkje tidsfordriv desse karane. Og dei snakkar med venene utan å gå ut.