tirsdag 29. mars 2011

50-årsjubileum for lærarskuleklassen.

I år er det 50 år sidan vi gjekk ut av lærarskulen etter fire år i Bergen.
Vi skal feire i Bergen den 14. mai.
No driv Hans og leitar etter overnatting. Det er ikkje lett.
Biletet over er teke på Jæren der vi var på ekskursjon for å studere fuglelivet.

Vi hadde skidagar på Kvamskogen.
Bak:Inger Trohjell Olsen, Bjørg Engelsen Olsen, Alf Molde, Karl Russøy og Ester Tenold Flæte.
Framme: Sylvia Øvstegård Toppe, Bjørg Steinhovden Kragset og Bjørg Rolland Drivenes
Lærarskulen i Bergen heldt til på toppen av Nygård skule, ein barneskule ved Nygårdsgata.

Bjørg Engelsen, Jan Kruse og Bjørg Steinhovden

søndag 27. mars 2011

På besøk i Måløy

Vi køyrde til Måløy i eit forferdeleg snøver sundag føremiddag.
Snøplogen hadde ikkje vore ute. Mykje slaps heilt til Kjøllesdalen. Då vart
vegen berr. Tilbake køyrde vi over Bekslet til Åheim. Det var betre.
Vi fekk fin sundagsmiddag med Turid. Her er andre bordsete.
Bilen var full av "lopper" til Turid. Nokre leikar til borna var der og.
Ask har bygd eit stort tårn. Mamma beundrar!
Vi hadde med nokre leikar til Måløy.

Turid og Leif har mykje å styre med. Og dei likar det!
Jakob og Anna bur i nabohuset og er mykje på besøk.

tirsdag 22. mars 2011

Kjekt besøk frå Steinhovden.

Bror Arne og svigerinne Gunn kom på helgabesøk.
På same tid som dei kom, fekk vi på besøk ei fotografdame som skulle
ta bilete i huset for prospektet som skal ut i avisene og på nettet.
Huset var "strippa" og veldig rydda. Kva no med middag til gjestane?
Eg hadde bekymra meg for det, men så fekk eg ein god ide:
Eg bestilte middag til oss alle fire hos Dulka.
Ho er ein veldig god kokk, og likar å lage mat og servere.
Ho tok jobben med stor glede.
Det vart mange rettar: suppe, kjekjøt, pai, ris med grønsaker, kjøttkaker,
og endå meir, og sjølvsagt dessert og kaffi.


Vi køyrde sundagstur til hytta og etterpå heilt ut i Goksøyra.
Det var nytt for Arne og Gunn å komme dit, så det var jammen på tide vi tok dei
på tur der ute i øyane. Vi stoppa ved Herøy kyrkje og såg på bautaen over dama som stifta første sjømannsmisjonsforeininga i Noreg.


Vi var innom hytta og ned i naustet. Hans lurer på om han skal selje Ulven.
Og Arne lurer på om han skal kjøpe han.

Dulka skal få ei stor panne som ho treng til å koke heklety i.
Det blir så øydelagt i vaskemaskina, seier ho.
Og vi har fleire krabbepanner.
Denne er emaljert inni og passar bra til å koke klede i.


Middag på Lanternen ved Herøybrua.
God mat og mykje folk.
Det er blitt vanleg å ete middag ute også her. Litt amerikansk!


Kaffien tok vi heime framfor peisen.

tirsdag 15. mars 2011

Vinterferie for siste gong i Ørsta-huset.



Susanne og Kristian trefte Karifamilien.

Obongo-spel.

Underhaldning i Vinterferien.

Snøleik i hagen.
Og forfriskningar på Amfi høyrer med.

Laurdagskveld i vinterferien i Ørsta.

Kjekt med dyktige pizzakokkar når det er så mange til bords.
Olivenbrød og tre pizzaer.
Det gjekk greitt å steikje alle tre på ein gong med varmluft.

Til pizzaen laga vi agurkrullar med fyll og spirar på toppen.
Oppskrift i Coop-brosjyre.


Tur til hytta.

Påskestemning ved sjøen på hytta.

Utsikt mot Ørsta.

Ein stopp på vegen til hytta.
Liadalsnipa i bakgrunnen.

søndag 6. mars 2011

Gjestar i helga

Kirsti og Kristian kom på besøk laurdag og sundag.
Veldig kjekt med besøk. Kristian hadde sjekk av datamaskinene.
Takk for hjelpa!
Dulka kom og , - på kaffibesøk om sundagen.

fredag 4. mars 2011

Elin fyller år


Elin hadde bursdag den 3. mars. Gratulerer med dagen i går. Håper de har ei fin feiring i dag.