tirsdag 22. mars 2011

Kjekt besøk frå Steinhovden.

Bror Arne og svigerinne Gunn kom på helgabesøk.
På same tid som dei kom, fekk vi på besøk ei fotografdame som skulle
ta bilete i huset for prospektet som skal ut i avisene og på nettet.
Huset var "strippa" og veldig rydda. Kva no med middag til gjestane?
Eg hadde bekymra meg for det, men så fekk eg ein god ide:
Eg bestilte middag til oss alle fire hos Dulka.
Ho er ein veldig god kokk, og likar å lage mat og servere.
Ho tok jobben med stor glede.
Det vart mange rettar: suppe, kjekjøt, pai, ris med grønsaker, kjøttkaker,
og endå meir, og sjølvsagt dessert og kaffi.


Ingen kommentarer: