tirsdag 29. mars 2011

50-årsjubileum for lærarskuleklassen.

I år er det 50 år sidan vi gjekk ut av lærarskulen etter fire år i Bergen.
Vi skal feire i Bergen den 14. mai.
No driv Hans og leitar etter overnatting. Det er ikkje lett.
Biletet over er teke på Jæren der vi var på ekskursjon for å studere fuglelivet.

Vi hadde skidagar på Kvamskogen.
Bak:Inger Trohjell Olsen, Bjørg Engelsen Olsen, Alf Molde, Karl Russøy og Ester Tenold Flæte.
Framme: Sylvia Øvstegård Toppe, Bjørg Steinhovden Kragset og Bjørg Rolland Drivenes
Lærarskulen i Bergen heldt til på toppen av Nygård skule, ein barneskule ved Nygårdsgata.

Bjørg Engelsen, Jan Kruse og Bjørg Steinhovden

1 kommentar:

Besta sa...

Eg kjende deg lett att på alle ungdomsbilda utan å lese teksten. Då gikk du ut av lærarskulen eitt år før eg. Eg jobba i to år mellom gymnas og lærarskulen.