søndag 18. juli 2010

Sommar på hytta.

Klokka 11 om kvelden skin sola framleis borte i Håheim.
Og sjøen er blikkstill.

Campingvogna er komen på plass på platningen.
Hans brukte mange råder med tau og taljer og greidde det åleine.

Så fekk vi koseleg besøk av måløyfolket.
Dei var på veg til Lepsøya og stoppa så lenge vi fekk halde
grillmiddag på verandaen.

Her kjem dei att etter at Hans har hatt dei på ein tur med Ulven
rundt Nykremsholmen.

tirsdag 6. juli 2010

Speidarleir på Lista

Vi har besøkt landsleiren for Norges KFUK og KFUM speidarar på Lista.
Vi var der frå laurdag til tysdag, første del av leiren.
Kari er ein av leiarane for solaspeidarane og Astrid og Helene er med.
Hans og eg budde i campingvogn på besøkscampingen.


Leiren er på den nedlagde flyplassen på Lista. Flystripa er hovudgate i leiren.
På turen vår rundt i leiren fann vi og ørstaspeidarane med sine leiarar
Hans Olav og Iren.


Gudsteneste med fem tusen tilhøyrarar. Flinke aktørar og mykje musikk.
Leirband frå Ulsteinvik.
Noko som var fantastisk, men å vente på ein leir med miljøprofil,
var at når dei 5000 ungdomane reiste seg og gjekk derifrå,
så låg der ikkje att eit einaste lite rusk.
Det var det same enten det var leirbålsamling, bibelaction eller konsert.

Grøn action er namnet på leiren. Det handlar mykje om å ta vare på miljøet.
Alle gruppene har avfallssortering som her.
Ein dag laga dei vindmøller. Det blei ein flott vindmøllepark.

Vi fekk delta på leirbål i gruppa til solaspeidarane
i lag med Astrid og Helene.
Kjekt å oppleve speidarleir igjen! Det er ei eiga stemning.
Litt kjøleg om kvelden. Den gamle leirbålkappa var god å ha på seg.

fredag 2. juli 2010

Kanotur på Lågen

Utrustning for overnattingstur med kano og lavvo.
Dag, Sunniva og Elin pakkar heime i hagen.
,
Hans og eg var med for å sjå dei avgarde og for å hjelpe til med
å køyre bilen til endestasjonen der dei kjem i morgon.
Mormor ved Lågen ser kanopadlarane i det fjerne.

torsdag 1. juli 2010

Bsøk hos Anette og Marcel

Sundag 20. juni besøkte vi Anette og Marcel.
Det var ikkje så varmt i veret, men på terassen deira var det lunt.
Marcel serverte kaffi og gode sjølvlaga kaker, ein slags vaffelkaker.

Dei har laga seg ein nydeleg hage. Det er tydeleg at begge
har interresse for hagen. Badestampen var i bruk i vinter har vi sett.
V i fekk og omvisning i det fine huset deira.

Men viktigaste grunnen til at vi ville besøkje dei, var å få helse på
vesle Sunniva Anine, fødd i november.
Det er ei fin jente som smiler lett.
Takk for oss!