tirsdag 6. juli 2010

Speidarleir på Lista

Vi har besøkt landsleiren for Norges KFUK og KFUM speidarar på Lista.
Vi var der frå laurdag til tysdag, første del av leiren.
Kari er ein av leiarane for solaspeidarane og Astrid og Helene er med.
Hans og eg budde i campingvogn på besøkscampingen.


Leiren er på den nedlagde flyplassen på Lista. Flystripa er hovudgate i leiren.
På turen vår rundt i leiren fann vi og ørstaspeidarane med sine leiarar
Hans Olav og Iren.


Gudsteneste med fem tusen tilhøyrarar. Flinke aktørar og mykje musikk.
Leirband frå Ulsteinvik.
Noko som var fantastisk, men å vente på ein leir med miljøprofil,
var at når dei 5000 ungdomane reiste seg og gjekk derifrå,
så låg der ikkje att eit einaste lite rusk.
Det var det same enten det var leirbålsamling, bibelaction eller konsert.

Grøn action er namnet på leiren. Det handlar mykje om å ta vare på miljøet.
Alle gruppene har avfallssortering som her.
Ein dag laga dei vindmøller. Det blei ein flott vindmøllepark.

Vi fekk delta på leirbål i gruppa til solaspeidarane
i lag med Astrid og Helene.
Kjekt å oppleve speidarleir igjen! Det er ei eiga stemning.
Litt kjøleg om kvelden. Den gamle leirbålkappa var god å ha på seg.

3 kommentarer:

Besta sa...

De er jammen tøffe. Snart her og snart der.Men kva er det det heiter? "Ein gong speidar, alltid speidar" ? Det stemmer ikkje for alle, for eg var speider til eg var ca 15 år.Det året var eg på speidarleir på Stord. Håper de har de bra. Hels til kjentfolka.

Anonym sa...

Vi er no tilbake i Ørsta.
Eg er jo med i Eingong Alltid for Ørsta og Volda. Dei hadde treff i Ulsteinvik no då det var leir.
Eg valde å besøkje leiren på Lista.

Bjørg sa...

Det var ikkje meininga å trykkje på anonym. Du forstod vel kven det var.