søndag 16. mai 2010

I Plaka 5. mai.

Eg gjekk omkring i Plaka med boka Øya i handa.
Nokre vi snakka med der sa at forfattaren, Victoria Hislopp,
var i byen. "Ho sat på den stolen for ein time sidan".
Eg håpa på å få autografen hennar i boka mi.
Då kom vi forbi to karar som sat med backgammonspelet.
Vi prata med dei og viste dei boka. "Eg er dr. Kyritsis og han er Petros Kontomaris",
sa han i svart skjorte. Dei spelar no inn film om boka. Mange skodespelarar og
forfattaren var i Plaka.
Ein plakat i Plaka fortel om filminnspelinga.
Filmen kjem i oktober.

Her sit eg ved hamna i Plaka og les i Øya.
I bakgrunnen ser vi øya Spinalonga.


Forfattaren trefte eg ikkje, men
dei to skodespelarane skreiv i boka mi.

1 kommentar:

Besta sa...

Skal seie du kjem midt oppi det! Spennande. Eg likte ikkje boka noko særlig, men sjølve temaet og hendingane var spennande å lese om. Og de har sjølvsagt vore der.Slik er det når ein er globetrottar........