tirsdag 16. juli 2013

Tur til Citadelløya


Karoline, Astrid og Johanne ventar på brygga i Hølen
medan Elin og Inga klargjer båten.


Hans og eg køyrde med bilen til Stavern.
Det vart fullt med jenter og bagasje i båten.
Elin kom og henta oss til Citadelløya.
Der var det mange som sola seg, bada, grilla og kosa seg i sola.
Vi åt formiddagsmat på bordet nærast.
I bakgrunnen ser vi inn til Stavern.




Astrid og veninna Karoline som er på besøk frå Sola og Klepp.
I bakgrunnen her ser vi Larvik, Torstrand.

Jentene har fått opp lavvoen.
Her er det god plass til alle fem damene.
Hans og eg valde å sove heime.
I morgon skal dei på Kruthornteateret
som går føre seg der ute på Stavernsøya.
Så dei kjem ikkje heimatt før til kvelden.




Ingen kommentarer: