mandag 12. oktober 2009

Minne frå bryllaupsreisa i 1963


Eg tenkte på denne turen då vi var på Lindesnes no i haustferien.
Vi reiste med Hans sin dorry frå Florø til Strømstad i Sverige etter
bryllaupet vårt i Florø.
Her rundar vi Lindesnes, og det var nokså mykje sjøgang.

Då var det var bra å komme til lands og få ligge ved kaier i byane langs kysten.
Foreldra til Hans og syster Kirsti var med.


Svigermor laga mykje god mat. Vi fiska med garn og var på land og plukka bær.
Folk trudde vi var tater.
Kirsti var ofte rormann.

Posted by Picasa

1 kommentar:

Besta sa...

Artig å lese om bryllaupsreisa.Vår "bryllaupsreise" gikk frå Bergen, der vi gifta oss, til Solund, med fiskeskøyta TRO-Ikkje så verst namn på ein bryllaupsbåt?På Lindesnes har vi aldri vore, derimot har vi vore i fyrtårnet på Lista.Har ein mistanke om at det var oldefaren min,Ludvig Olsen, som bygde det, men har ikkje greidd å finne ut av det.