tirsdag 15. desember 2009

Julevask og puss.

Så var det pussinga av kopar og messing.
Det står rett nok rundt omkring til pynt, men det spørs om ein treng ha
så mykje å pusse.
I år har eg Dulka til å hjelpe meg, og Hans er heilt fornøgd med det.
Det er elles han som brukar å pusse.

Dulka stryk gardinene og hengjer dei opp.
Eg vaskar vindauga og fer og over skåpdørene på kjøkenet.
Så no luktar det straks jul her.
Og koseleg å vere to i arbeidet.


Det er elles Dulka som har hekla julegardinene for eit par år sidan.
Og ho har hekla dei kvite kappene.
Ho er ein ulv til å hekle!

1 kommentar:

Besta sa...

DEt ser veldig kjekt ut å vere to.Her blir ikkje gjort så mykje til jul i år sidan vi skal vere på Hareid julafta og reiser til Kongsberg i romjula.
Kopar, messing og sølv har eg pussa for eit par veker sidan.Men eg må innrømme at eg har gøymt vekke noko kopar, den blir så fort stygg igjen.