søndag 27. desember 2009

Julekvelden 2009

Vi var i Ørsta kyrkje klokka 15.
I 17-tida samla vi oss til julemiddag.
Som vanleg var det pinnekjøt, kålrabistappe og løksaus
på menyen.


Til dessert i år var det bringebær med krem.
Og kransekake som Anne hadde laga og teke med.


Alle kunne julesongane. Vi syng dei på jobben, sa Asle.
Elles hadde Oda laga til teksten på powerpoint,
så dei var på veggen medan vi gjekk rundt juletreet.


2 kommentarer:

Besta sa...

Det ser ut som de har ei koselig jul.Men løksaus til pinnekjøt har eg aldri høyrt om. Korlris lagar du den?

Bjørg sa...

Løksaus er fast tilbehør frå Hans sin heim. Han er laga av krafta frå pinnekjøt (passe mykje så det ikkje blir for salt), ein heil oppskoren løk og jamning av kveitemjøl utrørt i vatn. Eg brukte speltmjøl i år sidan Asle ikkje toler kveitemjøl.