søndag 1. desember 2013

Første sundag i advent


Vi har fått innbyding til julegrantenning.
frå velforeininga her i Rekkevikløkka.
Det var sterk vind då dei sette opp treet, men det står.

Vi gjekk tur og såg på bølgjer og drivgardar.

Vinter i skogen-

Fjorden  inn til Hvittensand og Lågen.
Klokka fem kom naboane saman og julegrana på Løkka vart tend. Nokre hadde ordna med gløgg og peparkaker . Kjekt å treffe naboane. Vi ser ikkje mykje til kvarandre no om vinteren.
Vi gjekk rundt treet og song nokre songar.
Glade jul,  På låven sitter nissen--, Jeg gikk meg over sjø og land...

2 kommentarer:

Annfrid sa...

Hei,vi er komne i litt julestemning.Vi har vore på flott adventkonsert i Leikong-kyrkja,juletallerken med senior-surf.Eg har spelt piano(til julesongane) til sanitetskvinnene og til dei eldre på Bygdestova.Hadde ein bordkavler på 93 år,heilt oppegåande.Vi har ikkje laga syltaflesk endå,men det skal bli.

Annfrid sa...

I går var vi på nydeleg julekonsert i Ulsteinkyrkja og tidlegare på dagen var eg på kunstutstilling på gamleskulen på Ulstein.Der held kunstnaren Einar Magne Flø til.Akkurat no strøymer fin julemusikk frå stereoanlegget ut i kjøkkenet.Syltaflesket vart godt,to stappfulle former 3,3 kg.Vi er i bra rute til jul!!