onsdag 4. desember 2013

Advent i Rekkevikløkka


I år har eg laga goro for første gong.
Tenkte at når eg bur på Austlandet,må det vel
vere goro til jul. Men visst ikkje alle lagar det her heller. Det gjekk veldig greitt med det elektriske jernet. Kakene vart fine og gode.

I dag laga eg krumkaker.
Det er stor forskjel på å lage med elektrisk jern og det gamle som måtte snuast på plata.
Berre ei vart misslukka, litt brend, men vart eten av Hans.

Eg laga to deiger i går kveld. Smultringar og fattigmann. Dei skal vi steikje i kveld hos Elin.
Når eg lagar deig til fattigmann med 5 eggeplommer, blir det kokosmakroner av eggekvitene. Dei vart og ferdige i dag.
Så i dag kjem vi langt med julebaksten.
Annfrid og Per, de har vel laga syltaflesk for lengst?


Kaktusane står veldig fint no.

På bordet på verandaen ligg "dyret" som Hans fall for i blomsterbutikken. Det lyser om kvelden.
Amerikansk, seier Elin og Dag.
Fint, seier Inga og Mina.

1 kommentar:

Besta sa...

Goro er omtrent einaste julekaker eg likar, men eg har aldri laga for eg trudde det var så vanskelig. Eg likar eigentlig ikkje å bake, og Nils har diabetes så det blir ikkje laga mykje her. I alle fall ikkje småkaker.
Du er jammen flink som får gjort så mykje.