onsdag 22. desember 2010

Kaldt i Larvik

Det var 20 minus i dag tidleg, 18 resten av dagen.
Her fyrer dei i vedomnen, så vi må passe på at det ikkje sloknar ut.
Vi husbyggjarane fer rundt i butikkar og ser på baderomsinneiing, flis, vedomn m.m.
I dag har vi vore i Sandefjord og sett på bad. Det er ganske kjekt. Eg trudde ikkje vi skulle få
vere med og bestemme så mykje.
I dag har vi og skrive under kjøpekontrakten.
Huset vårt er ikkje kome så langt. Det snøar framleis inn gjennom vindaugene.
I dei fire andre bustadane er det stor aktivitet. Nokre flyttar inn og i nokre av bustadane
er det i innspurten med røyrleggjarar, elektrikarar og snikkarar.
Dørene er opne, så vi kan gå inn og sjå korleis vårt hus også skal bli.
Vi fer rundt og ser og måler med måleband og lurer på kva vi får plass til av eigne møblar.
Vi får bra mykje plass.


1 kommentar:

Besta sa...

Spennande å bygge hus på eldre dagar, med den erfaringa ein då har. Vi ønskjer dykk alle ei god jul!