tirsdag 7. desember 2010

Juleførebuing

Julebaksten er ferdig. To sortar. Det får halde.
Kanskje blir det litt baking når vi kjem til Larvik.
Hans er fast steikjar. I år la vi dei på rist over vokpanna.
Då rann dei godt av seg og vart finare.

Skjeltesundag nærmar seg. No heng dei klar i garasjen.
Dei er av villsau frå Lepsøya, så fint slag.
Nokre av dei skal til Måløy, visst no dei greier å få henta dei.

Er snart ferdig med gåvene. Pakken til Sola vart send
i dag. Så no er det spennande å følgje han på nettet.
Resten skal vi ha med når vi reiser til Larvik.
Hans har skrive julebrevet og fått avgarde til dei fleste på e-post.
Så får mottakarane skrive dei ut sjølve.

1 kommentar:

Besta sa...

Ser at de er komne mykje lenger med juleførebuingane enn vi. Vi får ikkje besøk i jula og kjem til å vere hos solveig julaftan, så det er ikkje all verda å gjere heime. Småkaker lagar eg ikkje , berre runde kaker og formkaker. De skal vel ikkje flytte FØR jul?