fredag 10. desember 2010

Heider til Bjørg

Det var ikkje berre fredsprisen som vart utdelt i dag.
Eg vart innkalla til ordføraren sitt kontor. Fekk blomster og boka Ørstaminne.
med"takk for godt utført arbeid gjennom mange år"!
Underskrive av ordførar Gudny Fagerhol.
Overformyndar Arnstein og sekretær Inger var og til stades.
Slikt er jo veldig kjekt.
Litt rart å slutte, at andre skal overta.
Eg har vore med i Overformynderiet i 20 år.
Fem overformyndarar har eg jobba i lag med.
Så no er det på tide å slutte, men spørs om eg ikkje hadde stilt til val igjen
om ikkje det var for at vi flyttar frå bygda.
Vi har hatt det triveleg i lag, og ekstra hyggjeleg var det i dag.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg er imponert over alt du har hatt tid og overskot til å vere med på, i tillegg til jobb+stell av hus og heim.

annfrid sa...

Vil gratulere med pris.Så ser eg at du er godt i rute til jul.Ser ordføraren Gudny Fagerhol på biletet.Sist vi såg henne,sist veke, var ho med songkor på Mork og underheldt med vakker song.Heime har Per og eg tømt seksjonen for bøker og ting i dag og olja den.Då var dykk i tankane våre når vi såg alt ein seksjon inneheld,og de som skal flytte!Men alt går for arbeid ,er helsing frå Per.