søndag 19. desember 2010

Skjeltesundag

Her blir skjeltemiddagen førebudd.

Gjester til skjeltemiddagen var bestefar Jens og veninna til Sunniva, Rikke.
Ingen av dei hadde ete sauehove før. Særleg Jens frå Halden likte maten godt.
Synd at bestemor Rigmor var sjuk og var heime.
I dag kom kofferten til Sunniva til Torp. Hans og Sunniva henta han der.
Vi var veldig glade for at Sunniva kom heim frå Hellas seint torsdag, ein dag forseinka rett nok,
men måtte ikkje sitte på eit hotellrom som mange andre i desse dagar på grunn av snøveret.
Sunniva og tre andre elevar pluss to lærarar har vore ei veke i Aten på besøk i regi av EU.
Der var ungdomar frå mange land. Dei budde i kvar si familie (litt skummelt, måtte snakke engelsk), Dei var på skulebesøk og hadde presentasjon av heimstaden sin.
I dag fekk Sunniva opna kofferten sin og gåvene kom fram.
Elles har vi hatt Asle på besøk. Han kom innom på veg heim frå Trondheim der han hadde
henta Oda sitt flyttelass. Så fekk han med seg julegåvene herifrå og.


2 kommentarer:

Besta sa...

Eg åt skjelte for første gong det året eg var lærar i Sunnfjord. Dei var salta og tørka og smakte som pinnekjøt. Godt. Ein gong kjøpte vi vakuumpakka på butikken. Det var noko heilt anna og ikkje SÅ godt. Sidan har eg ikkje smakt det.Det var vel helst ein skikk dei hadde på gardane? Du har no litt av ein flokk å vere "husmor" for.

annfrid sa...

Hei,siste søndag før jul kalla mor mi skitnesøndag.Det var fordi kunne ho jobbe med det ho skulle ha gjort til jul.Ho var svært nøyen med å halde kviledagen heilag.Ser at namnet du brukar kjem av maten som vert laga.God jul vidare,det er 8 minusgrader i Ulsteinvik i dag.