fordi vi trudde der var snøbert der på solsida.
Men det var der ikkje. Vi måtte snu etter eit kvarter. Då vart vegen berre is.
Så tok vi ein sving til Volda.
Der såg vi at det nye ankerhandteringsfartyet Havila Jupiter
låg ved kaia, og ein straum av folk gjekk opp leideren og ombord.
Det har vore dåp på skipet og no var det framvisning til alt folket.
Litt vanskeleg å finne p-plass i Volda i dag. Mykje folk frå øyane.
Her forsyner Hans seg godt av dåpskaka på båten.
Messa var full av besøkjande.
Spennande å sjå ein slik båt innvendig!
Det er store greier!
Men mest imponerande er det på brua med alle dei elektroninske
styreinnretningane.
Flotte lugarar, trimrom og vaskeri m.m.m.
Eg tok bilete frå brua ned på ferjekaia i Volda.
1 kommentar:
Ja, berre ein kjem seg ut dørene skjer det alltids eit kvart.Sikkert interessant å sjå seg omkring ombord.
Legg inn en kommentar