mandag 15. mars 2010

Det snør endå meir.

Det har snødd i heile dag. Temperatur rundt 0 grader.
Merkjestaven i hagen viser no 90 cm. For eit par dagar sidan var det 60 cm.
No er det visst stor rasfare og.
Vi får berre halde oss inne.
Ein gong vil vel våren komme.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg synest vi har hatt ein fin vinter, og eg likar aldri at det kjem regn opp i snøen. Men viss det er det som må til, så får det berre regne, for snøen må vekk no snart!

Bjørg sa...

Eg har sett eit langtidsvarsel som seier at det blir kaldt og snø att på laurdag og først på skjærtorsdag blir det mildare att. Då går det tregt med å bli vår, synest eg.