torsdag 18. mars 2010

Englemauskar




I dag har eg fått friska opp lærdomen om englemoskar.
Annfrid kan å lage mykje fint i strikking og hekling,
og ho er god til å lære vekk.
Vi var ein tur innom strikkekafeen i gågata, og der vart og interessa for
englemoskane vekt, og fleire fekk lære.


5 kommentarer:

Besta sa...

Du er både aktiv og sosial. Eg er ingen av delane. No har skuldra slått seg vrang igjen, så eg måtte legge vekk strikketøyet også. Men når eg reagerer fort, plar det gå relativt fort over også. Skulle
hatt lyst vore på strikkekafeen ein gong viss tilbodet held fram.

Bjørg sa...

Håper du blir fort bra i skuldra!
Elles kan du gjerne komme på strikkekafeen utan å strikke så mykje. Der er mykje fint å sjå på. Tilbodet held vist fram litt til.

Annfrid sa...

Takk for sist,svært hyggeleg.Ja ,no er englemaskesjalet til Tonje snart ferdig.Har reklamert på lærarromet om strikkekafeen i gågata i Ørsta.Utruleg mykje fin tråd og hyggelege damer!Kor går det med ditt sjal?

Bjørg sa...

Eg held på med englemaskesjalet. Skal legge inn bilete.

Bjørg sa...

Han fått tilgong til ein blogg med masse handarbeid. Sjå på Ronillebloggen.