tirsdag 9. mars 2010

8. marsfeiring

Åttande mars vart feira med solidaritetsgudsteneste i kyrkja og
fest på Røde korslokalet.
Marit Gaustad (i midten) var talar i kyrkja og hadde appell på festen.
Det var fleire appellar på festen.

Dyktig festleiar var Diva.
Og Brynhild stilte som vanleg med ei gruppe musikkskuleelevar.
Bente hadde appell om Haiti og viste bilete.
På utlodninga til Haiti kom det inn 3000,- kr.
I kyrkja kom det og inn 3000,- i kollekt.

Sirka 60 kom på festen. Like mange innvandrarar som norske.


Mat var det både nok og formykje.
Då er det greitt at den som har gitt maten tek med resten heimatt.

2 kommentarer:

Besta sa...

Dette ser ut til å vere ein fin måte å markere dagen på.Solidaritet med kvinner i "den tredje verda" er viktigare enn meir lykke og rikdom for oss.

Bjørg sa...

Ja, det er det eg og synest.