mandag 2. juli 2012

Tunnekaker

 No er Hans blitt lei av sveler. Dei er for mektige, seier han. Om eg ikkje kan lage tunnekaker slik som svigermor Anna.
Eg ringde til syster Magdalena, og ho hadde mor si oppskrift. så då var det berre å sette i gong.

I kveld hadde vi invitert naboane. Det er dei som bur på garden som tomta vår er utskild frå. Der bur tre systre med ektemenn i kvar sine hus. To av systrene kunne komme med mennene sine.
Eg sa at no skulle dei få husmannskost. Det passa vel bra. Dei likte tunnekakene godt.
 Også kalla mjølkekaker.
Oppskrift:
1 egg
1 matskei sukker,   ((ta litt meir)
1/2 kopp surmjølk
1 toppa ts natron
VISP GODT
500 gr. kveitemjøl
ca. 1  1/2  liter søt mjølk

Røra skal vere tynn.
Sterk varme på takka,
litt under maks.


Eg smurde tunnekakene med
smør, sukker og kanel på nokre.

Smør og brun ost på nokre.

1 kommentar:

Annfrid sa...

Desse kakene skal eg lage så fort eg får tid.Vi skal ha alle til pannekaker,bacon og tyttebærsylte i dag.Vi får vel stå og steike ei lang stund.Per skal forresten ha pannekakene så tynne,men han er flink med steikepanna.