fredag 20. juli 2012

Besøk frå Lepsøya og Måløy

 Vi hadde vore på friluftsgudsteneste og kulturdag på Halle Mølle i Brunlanes. Eg hadde slått av telefonen under gudstenesta. Då eg slo på att, var det melding om at Vi er der om to timar.  Det var Kirsti og Magne som var på veg på overraskelsesbesøk. Det viste seg at det og var ein tredje person med i bilen. Det var Kristian. Og ein fjerde: hunden Candy. Hans hadde dataproblem, så Kristian var svært velkomen.

Kveldstur ned til Rekkevikbukta der minnesmerket for Colin Archer si polarskute står. Litt kjøleg ver.
Hans hadde nettopp sett opp telt på plenen. Det var for å sjå på teltet. Vi snakka om å ta oss ein tur.
Teltet stod der då gjestane frå Lepsøya kom. Hunden Candy kunne ikkje få komme inn i huset på grunn av fleire allergiske personar. Så han fekk tilbod om teltet. Men Kirsti ville ikkje at han skulle vere der åleine om natta, så det vart til at Kirsti, Magne og Candy sov i teltet. Kristian fekk gjesterommet.
 Måndag til middag kom Svanhild, Øystein, Anna og Jakob frå Måløy. Det var ikkje overaskelsesbesøk. Vi var varsla om det. Det var stor stas med Candy. Veldig snill hund. Om kvelden gjekk vi tur i Bøkeskogen og Anna og Jakob fekk kvar sin gong leie hunden i bandet.
Med så mange gjestar overnatta  Hans og eg i Elinfam. sitt hus. Øystein er  allergisk mot katt, og der bur katten Celsius. Så det var god ordning. Vi har stor kapasitet på gjestar no. Svanhild og fam. reiste vidare tysdag til Dyreparken i Kristiansand.
K og M og K  reiste heim onsdag.
Takk for kjekt besøk!

Ingen kommentarer: