søndag 22. juli 2012

Bryggegudsteneste 22. juli


Vi var på bryggegudsteneste i Nevlunghavn. Fint ver.
Per Arne Dahl var talar. Det har han  visst vore i 15  år på rad. Tema i dag var HÅP, og 22. juli 2011 vart markert.
Ei gruppe damer som kallar seg Havfruene song veldig fint. Då vi kom gåande, var det fint å komme til musikk og song.


Det kom mykje folk. Vi hadde med oss stolar.
Sjølv om det var mange plaststolar og mange hadde med seg, måtte mange stå.

 Gatene i Nevlunghavn var fulle av  folk. Så etter gudstenesta vart det mykje sal av is og anna mat.
Vi for heim og laga oss middag.

Seinare, etter middagskvil, tok vi ein tur til Hedrum bygdetun og kjøpte oss kaffi. Der var det og mykje   folk, levande musikk og utlodning.

I Nevlunghavn gjekk vi forbi mange nydelege hagar med roser og andre fine planter. Der sat folk og åt frukost i hagane då vi gjekk til gudstenesta.

Vi hadde fint ver heile dagen. Om kvelden etter vi var heimkomne, vart det regn.

Ingen kommentarer: