torsdag 16. januar 2014
lørdag 28. desember 2013
Julekvelden
Legg til bildetekst |
Julekvelden feira vi saman med Elinfamilien, dei andre besteforeldra og onkel Jens.
Juletreet vi var med og henta i Istreskogen vart flott i stova. Og pakkehaugen var som vanleg stor.
Vi var i Østre Halsen kirke klokka fire, og der var stappfullt. Det var ei gudsteneste klokka halv tre.
Dag var heime og passa middagen. Det vart servert svineribbe med sossiser og medisterkaker, surkål og mandelpoteter m.m. Til dessert: is med jordbærsaus.
Eg hadde med av mine julekaker.
Pappa Dag gjorde ære på Inga si gåve, julekula som ho laga på juleverkstaden hos oss i Rekkevikløkka.
(sjå tidlegare innlegg )
Mamma Elin fekk ei blokk med lappar der ho kunne få ulike gjeremål utført av Inga.
tirsdag 24. desember 2013
Besøk på lillejulafta
Veldig kjekt at fetter Lars kom på besøk.
Han feirer jul med familien i Sandefjord, så det er ikkje langt unna. Raude tulipanar hadde han med. Og julebrev med bilete av familien.
Dei byggjer hytte i Sandefjord. Det blir eit utfluktsmål til sommaren.
søndag 22. desember 2013
I juletreskogen
Kvart år før jul inviterer vener av Elinfamilien til juletrehogst og pølsegrilling i skogen ovafor garden deira. Vi var med for to år sidan. I fjor var det veldig dårleg ver. Vi var ikkje med då. Men i år var veret fint og mildt med sol.
Så i dag, sundag, var mange vaksne og barn i skogen. Mange fann seg gratis juletre, pølser blei grilla og praten gjekk livleg.
Inga og veninnene lagar seg pinnebrød.
Vi gjekk ein tur innover i skogen.
Elin og Dag fann seg eit fint juletre.
Inga og Mina fann eit lite tre.
Laurdagskveld i Rekkevikløkka
Endeleg heile familien til Elin samla på ein gong.
Sunniva kom frå jobb på Stamila og hadde ein heil time før ho skulle i julebord. Så eg fekk servere Nachos til alle.
torsdag 19. desember 2013
tirsdag 17. desember 2013
onsdag 4. desember 2013
Advent i Rekkevikløkka
I år har eg laga goro for første gong.
Tenkte at når eg bur på Austlandet,må det vel
vere goro til jul. Men visst ikkje alle lagar det her heller. Det gjekk veldig greitt med det elektriske jernet. Kakene vart fine og gode.
I dag laga eg krumkaker.
Det er stor forskjel på å lage med elektrisk jern og det gamle som måtte snuast på plata.
Berre ei vart misslukka, litt brend, men vart eten av Hans.
Eg laga to deiger i går kveld. Smultringar og fattigmann. Dei skal vi steikje i kveld hos Elin.
Når eg lagar deig til fattigmann med 5 eggeplommer, blir det kokosmakroner av eggekvitene. Dei vart og ferdige i dag.
Så i dag kjem vi langt med julebaksten.
Annfrid og Per, de har vel laga syltaflesk for lengst?
Kaktusane står veldig fint no.
På bordet på verandaen ligg "dyret" som Hans fall for i blomsterbutikken. Det lyser om kvelden.
Amerikansk, seier Elin og Dag.
Fint, seier Inga og Mina.
søndag 1. desember 2013
Første sundag i advent
Vi har fått innbyding til julegrantenning.
frå velforeininga her i Rekkevikløkka.
Det var sterk vind då dei sette opp treet, men det står.
Vi gjekk tur og såg på bølgjer og drivgardar.
Vinter i skogen-
Fjorden inn til Hvittensand og Lågen.
Klokka fem kom naboane saman og julegrana på Løkka vart tend. Nokre hadde ordna med gløgg og peparkaker . Kjekt å treffe naboane. Vi ser ikkje mykje til kvarandre no om vinteren.
Vi gjekk rundt treet og song nokre songar.
Glade jul, På låven sitter nissen--, Jeg gikk meg over sjø og land...
Abonner på:
Innlegg (Atom)