lørdag 12. september 2015

Tur til Oslo


Fredag 11. september
var Hans og eg på tur til Oslo saman med Pensjonistuniversitetet. Vi var ei gruppe på 25 og hadde buss frå Larvik.

Det var matfestival med mange telt og mykje å smake på utover heile Råfhusplassen.
Fint ver var det og.

Vi fann oss også eit bord å ete attmed endå det myldra med folk.


Det vart for mykje mat på tallerkenen. For vi hadde fått så mange smaksprøver.


Fint å gå tur utover Tjuvholmen.

Vi besøkte og 22.juli- utstillinga .
Den er fin og viktig. Så vi ikkje gløymer.

Her skal mykje endrast og byggjast nytt.
Picasso - Nesjar biletet skal visstnok fjernast.
Håper dei ikkje øydelegg det. Det er fint.

Om kvelden var vi i Operaen. Det var og ei stor oppleving. Både å sjå bygget, gå på taket, få omvisning innvendig og så operaforestilling.
Det var stykket Don Giovanni. Og det var flott!

1 kommentar:

Besta sa...

Kjekt å sjå bilda dine og å lese om Osloturen. Det er kort veg til det meste når ein bur der nede. Eg har enno ikkje vore på operataket. Eg følgjer deg på bloggen, men det blir ikkje ofte eg kommenterer. Hels til Hans.