søndag 27. april 2014

Helene sin konfirmasjon


Laurdag 26. april var Helene sin konfirmasjon i Sola.
Blomsteroppsatsane vart laga i garasjen kvelden før.


Familien vart tildelt plassar i kyrkja.

Tema for gudstenesta stod på veggen. "Hvordan
følge Jesus". Presten snakka ungdommen sitt språk. Flott gudsteneste!



Søskenbarna minus dei to eldste jentene , Oda og Eili. Konfirmant Helene i midten.
.

Elin, Bjørg, Asle, Kari og Hans.
                       
Sola kyrkje.


Helen ynskjer velkommen.
Fint lokale på Himmel og Hav som er Misjonsselskapet sin leirstad.
Vi budde der på fine rom og hadde frukost to dagar. Det ligg heilt på stranda, så vi kunne sovne til sjøfuglane sine lydar.







Dagen etter konfirmasjonen, som var sundag, gjekk vi tur på stranda i det flotte veret.











Ungdomane vart freista til å bade.
Det var kaldt, sa dei.

Hans og eg gjekk ein lang tur på stranda.

3 kommentarer:

Besta sa...

Det er så kjekt å lese det du skriv og å sjå dei fine bilda. De har ein stor familie, og når de er såpass nær er det fint at de kan samlast såpass ofte. Vi var ein tur til Kongsberg i påska, men det vart ikkje til at vi fekk besøke dykk denne gongen heller. Men EIN gong må det vel bli.

Bjørg sa...

Ja,håper det, - i løpet av sommaren.

Annfrid sa...

Fin dag,fin steinkyrkje,fine dekorasjonar,fine bunader og flotte ungdomar.Gratulerer til Helene!